Musikk
Nærast er du når du er borte
Oliver Sims debutalbum er eit konfronterande popmusikalsk eventyr.
Dei kulturelle referansane tilfører debutalbumet til Oliver Sim nokre ekstra lag, skriv Øyvind Vågnes.
Pressefoto
«I’m ugly.» Med desse orda innleier Oliver Sim albumet Hideous Bastard, med eit opningsspor som konfronterer lyttaren frå første sekund. «Hideous» introduserer spørjande og med høg intensitet fleire av platas sentrale tema, som ikkje er av det lette slaget – frykt, skam, einsemd, løyndomar og masker høyrer til mellom stikkorda.
«Hideous» er noko av ein knallstart, ikkje minst fordi Sim har fått med seg Jimmy Somerville (Bronski Beat) på ein gjestevokal som etter knappe tre minutt løftar sporet eit par hakk til: «Be brave, have trust, just be willing to be loved», heiter det, i ein song som står fram som ein kamp mellom røyster: dei som dreg deg ned, og den eine som løftar deg opp.
Akutt kraft
Sim har levt med hiv sidan han var sytten år, men det er først no, i denne låten, at han fortel ope om det. I eit nyleg intervju fortalde han at då han sjølv fekk diagnosen, visste han berre om éin annan som var hiv-positiv, nemleg Queen-vokalist Freddie Mercury – og han levde ikkje lenger. Denne bakgrunnen, som uunngåeleg og med gode grunnar formar lyttarens oppleving av Hideous Bastard, utstyrer musikken allereie i utgangspunktet med ei sjeldan emosjonell, akutt kraft.
Enkelte lesarar kjenner Sim som låtskrivar, bassist og vokalist i The xx, med Romy Madley Croft og Jamie xx, og sistnemnde er med som produsent på Hideous Bastard, som har vorte til i løpet av dei to siste åra. Albumet peikar likevel energisk i nye musikalske retningar og er eit aldri så lite popeventyr.
Ta «GMT», til dømes: Songen hentar tittelen frå ein tidssone («Greenwich Mean Time») og er ei elegant skildring av korleis det kan kjennast å sakne nokon du har hamna i brå og lang avstand frå, som, alt ettersom, kan vere ei søt eller vond kjensle. Låten vart til då Sim flykta frå den britiske vinteren og spelte inn musikk i Australia, der han fann vegen til bortgøymde strender. Og slik var det at dei solvarme vokalharmoniane til Brian Wilsons «Smile» fann vegen inn i «GMT», med ein elegant sample. (Remiksen med Floating Points på produsentsida er også vel verd å sjekke ut.)
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.