Bok

Nær og detaljrik sovehistorie

Aldri har eg kome så nær dei sovande i norsk historie som her.

Feltsenger kan slåast saman og stuvast vekk når dei ikkje er i bruk.
Feltsenger kan slåast saman og stuvast vekk når dei ikkje er i bruk.
Publisert

Er det vanleg å sove i fjøset heime hjå deg? Kor mange gonger i døgnet søv du? Har du borna med deg i senga? Svara på slike spørsmåla seier mykje om kva kultur eit menneske høyrer heime i. Biologisk sett har me alle den same trongen til søvn, men alle kulturar organiserer søvnen på ulike vis. Denne nye boka med tittelen Søvn. Ei kulturhistorie byggjer difor på ein framifrå idé.

Kjærleik til stovene

Forfattaren, etnologen, kulturhistorikaren og museumsmannen Bjørn Sverre Hol Haugen er sjølv varsamt og fint til stades i boka. Boka vitnar om ein djup kjærleik til stovene og gjenstandane på folke- og bygdemusea våre og handlar fyrst og fremst om sovelivet på bygdene gjennom 1700- og 1800-talet. Haugen tek oss med frå hus til hus rundt om i landet, til senger og sengeklede, lopper og lus, nattefriing, soveplassar i fjøs og uthus, seksualliv og juleskikkar.

Han fortel korleis folk i det gamle bondesamfunnet stod opp midt på natta. Først med mekaniseringa av landbruket byrja ein å dryge søvnen heilt til seks om morgonen. Forfattaren boblar over av forteljeglede i ein tekst som er vakkert pakka inn i den solide bokbunaden til Skald forlag, med lekre illustrasjonar og fotografi.

Aldri har eg kome så nær dei sovande i norsk historie som her, ikkje eingong i romanar frå norsk folkeliv. Det er som eg kjenner halmmadrassen mot ryggen under lesinga, verkjer i kroppen frå orda om ligginga på den harde brisken i tømmerkoiene, lukta stig opp frå kyrne til sengelemmen i fjøset, og det kitlar i halsen medan boka fortel om røyken over dei sovande i årestovene i Setesdal.

Detaljkunnskap

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement