Bok
Nær døden-opplevingar
Ernaux skriv så rått frå moras siste dagar at det nesten luktar frå boksidene.
Annie Ernaux fekk Nobelprisen i litteratur i fjor.
Foto: Catherine Héie / Eiditions Gallimard
«Jeg vemmes ved tanken på en bok om henne. Litteraturen er maktesløs.» Slik reflekterer Annie Ernaux mot slutten av denne boka, straks etter at mora er død. Like fullt har ho skrive to bøker om si eiga mor: En kvinne, som kom på fransk i 1987 – ikkje så lenge etter at mora var død – og på norsk i 2021, og denne som på norsk har fått tittelen Jeg er fortsatt her inne i mørket, som bygger på dagboksnotata frå dei siste to–tre åra mora levde.
En kvinne fortel om livet til mora, frå den heller fattigslege barndommen, gjennom strevet hennar i vaksenlivet for å kome opp og fram for å gje dottera, Annie, alt det ho sjølv ikkje fekk. Denne boka er skriven med større avstand, er redigert og omarbeidd. Jeg er fortsatt her inne i mørket er rå og direkte. Teksten er så tett på at lesaren nesten kjenner dei ubehagelege luktene som stammar frå alle dei forfalne kroppane på aldersheimen der Annie besøker mora nesten dagleg den siste tida. I tid og handling overlappar byrjinga av En kvinne med slutten av Jeg er fortsatt her inne i mørket, men stilen er veldig ulik, og saman utfyller dei to bøkene biletet av eit liv.
Å bli mor til mor
Kanskje på grunn av debatten som var intens tidlegare i vinter om stellet (eller helst mangelen på dette) på sjukeheimar i Noreg, kjennest denne boka ekstra aktuell. Men temaet er jo evig og universelt. Dette kjem vi ikkje unna nokon av oss, anten det gjeld oss sjølve eller som pårørande: Forfallet i alderdomen, kor rått og brutalt det er når alt det som har halde eit menneske saman, halde det oppe, smuldrar opp, gir etter, fell i hop.
Luktene, synsinntrykka som då møter dei rundt. Skamma som blir borte. Personlegdomen som endrar seg, men som framleis skin gjennom i glimt og vekker minne som igjen peiker på kontrasten mellom før og no. Det nådelause i det.
Det er nok vanskeleg å førebu seg før ein er midt oppe i det, umogleg å vite korleis ein vil reagere. Annie Ernaux tar altså tilflukt i skrifta, sjølv om det å skrive om desse erfaringane også kjennest ambivalent for henne – og altså makteslaust.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.