Musikk
Mytologi og norsk slåttetralling
Hekate leverer utmerkt vokalmusikk.
Silje Risdal Liahagen, Malin Victoria Alander og Synnøve Brøndbo Plassen utgjer Hekate.
Foto: Guro Sommer
Hekate er ei gudinne i gresk mytologi som var dottera til titanane Persevs og Asteria. I kunsten blir ho oftast framstilt med to faklar, ein nøkkel eller med slangar, eller ho blir fylgd av hundar. I seinare periodar er ho avbilda med trippelkropp (3 = 1).
Men Hekate er også ein norsk vokaltrio, beståande av Malin Victoria Alander, Synnøve Brøndbo Plassen og Silje Risdal Liahagen – tre unge folkemusikkutøvarar som starta eit samarbeid på grunn av ein brennande trong til å løfta fram slåttetralling, og med ein klar visjon om songen som sjølve ryggrada i dansefesten. Med eit ønske om å skape euforisk stemning for både dansaren og lyttaren, har dei skapt sitt eige vokale univers.
Me får servert åtte songar som blir framførte som trio, og alt frå opninga, «Adam uti paradis», ein reinlendar frå Agder etter Tom Willy Rustad og Johanna Flottorp, får me tre stemmer som serverer musikken på sin eigen måte, med fin trestemd song og, etter det eg kan forstå, mykje improvisasjon.
Berre med dei tre røystene og tramping som einaste «instrument» tar dei oss med inn i eit eventyrleg landskap, der dei tre røystene trallar og improviserer rundt tema, som verkeleg fascinerer denne lyttaren.
Me får ein hallingspringar, eit par valsar, ein improvisasjon over ein springleik frå Folldal og eit slåttemotiv med røter frå 1600-talet. Og alt blir servert på ein sjarmerande måte.
Dette er tre vokalistar innanfor folkemusikktradisjonen som med nokre vitjingar inn i improvisasjonen har levert ei utmerkt plate som gjer ein glad og, vonleg, også til eit betre menneske for ei stund.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.