Film
Mysteriet Lara Croft
Tomb Raider skal fortelje oss kvifor Lara Croft blei ein actionhelt, men er meir oppteken av action enn karakterbygging.
Alicia Vikander er å sjå i mange actionscener.
Foto: United Pictures International
I dei to første Tomb Raider-filmane spelte Angelina Jolie actionhelten Lara Croft, som vitjar farlege gravkammer i sitt oppofrande forsøk på å redde verda. Tredje film i Tomb Raider-katalogen er utan Jolie. Svenske Alicia Vikander tar opp tråden, sidan dette er ein film om korleis Lara Croft blei til actionhelten med éin pistol i kvar arm, og sidan Jolie har nok med å redde verda som privatperson.
Den emosjonelle kjernen i filmen handlar om tilhøvet mellom Lara og faren hennar, Lord Richard Croft (West), ein styrtrik forretningsmann. Den norske regissøren Roar Uthaug står her overfor eit interessant vegval – og vel ein mellomveg. Det vil seie at vi får litt oppveksthistorie, men mest actionunderhaldning. Den unge Lara slit med å finne seg sjølv. Ho er fattig, jobbar som sykkelbod og får jamvel bank i bokseringen av ei anna kvinne. Faren har vore borte i sju år, då han forlét henne for å finne fram til eit gammalt japansk gravkammer. Men Lara nektar å innsjå at han er død.
Lara har all grunn til føle seg sint, såra, einsam – det er det vi alle ville følt i ein slik situasjon – men er og blir ein blank rollefigur. Gjennom filmen er det omtrent umogleg å spore kjenslene hennar, og kva som driv henne. Det handlar om faren, det skjønar vi, men kven er ho på grunn av alt som har skjedd?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.