Bok
Myllarguten i ny drakt
Den nye boka om Myllarguten er fin å sjå til, med flott format, omfattande biletmateriale og eit stort referanseapparat.
Annfrid Berget Haukeland, frå Heddal i Telemark, fødd i 1962, er sjukepleiar og filosof.
Foto: Christine Wendelborg
Når ein skal skrive ei biografisk framstilling om spelemannen Tarjei Augunsson, eller Myllarguten (1801–1872), kjem ein ikkje utanom folkeminnegranskaren Rikard Berge. Same korleis ein skriv om Myllarguten, vil ein ende med å hamne i dialog med Berges tekst, på den eine eller den andre måten – ein kan kritisere Berge, stø seg på han, drøfte han eller nytte han som kjelde, men utanom Berge kjem ein visseleg ikkje. Det gjer då heller ikkje Annfrid Berge Haukeland, som har nytta Rikard Berges monografi som referanse temmeleg mange gonger i den nye boka si om Myllarguten. Berge var grundig og kunne stø seg på ei rekkje samtidige kjelder som både hadde møtt og opplevd Myllarguten som spelemann.
Glad i ord
Den nye boka om Myllarguten er fin å sjå til. Flott format, omfattande biletmateriale og eit stort referanseapparat. Problema dukkar opp når eg skal gå ned i sjølve teksten. Forfattaren er glad i ord, og kan tidvis uttrykkje seg rett så poetisk. Når ho verkeleg syner seg inspirert, står bokstavrima i kø. Ho har ønskt å «samle så mye som mulig», som ho skriv, av tilgjengeleg informasjon om Myllarguten og samtida hans.
Problemet med eit omfangsrikt informasjonsapparat er sjølvsagt korleis ein skal katalogisere det, finne fram i det og avgrense det. Berge Haukeland har ikkje musikkfagleg bakgrunn og vedgår det sjølv. Ho har derimot studert filosofi, med vekt på «sokratisk dialektikk», og er elles sjukepleiar. Ettersom eg delar forfattarens interesse for og kjennskap til Sokrates, får ho orsaka meg om eg ønskjer å etterlyse ein del presiseringar og stiller eit par spørsmål.
Får ikkje med alt
Berge Haukeland har tydeleg vore oppteken av å få sett Myllarguten inn i eit breitt, samfunnshistorisk perspektiv, men dermed møter ho problema med avgrensing. Det er ikkje så liketil å få med alt. Dermed kan sjølve narrativet oppfattast som springande, og sjølv om ho nok har ønskt å avgrense stoffet, kunne eg ha ønskt at ho avgrensa endå meir. Noko kunne nok ha fått plass i ein fotnote – og treng vi i røynda ei utgreiing om Theodor Kittelsen Pest-teikningar når poenget er å gje att segna om Førnesbrunen? For meg er dette ein digresjon. Ho kunne like gjerne ha sitert innleiinga av Dekameronen og stoda i Firenze i 1348. Det er heller ikkje naudsynt å liste opp vinnarane av hardingfeleklassene på Landskappleiken dei siste tjue åra (eller, for den del, gå inn i diskusjonen om kven far til Rikard Berge var).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.