Musikk

Mykje nytt under sola

Barokkonserten på Bergen kirkeautunnale var herleg fri for svisker.

Barokkanerne og Edvard Grieg Vokalensemble i Bergen domkyrkje.
Barokkanerne og Edvard Grieg Vokalensemble i Bergen domkyrkje.
Publisert

Bergen kirkeautunnale er ein kyrkjemusikkfestival som går over fem dagar kvar haust. I år hadde han to dusin arrangement på plakaten, elleve av desse reine konsertar. Barokkonserten i domkyrkja på fredag var interessant av di han var så «sviskefri»: Fire av dei seks komponistane er beint fram ukjende i Noreg, og stykka av dei to kjende – Händel og Telemann – blir sjeldan spelte. Originalinstrumentorkesteret Barokkanerne stilte med reint strykeorkester, saman med Bergens profesjonelle kor Edvard Grieg Vokalensemble. Engelske Steven Devine leia det heile med energisk direksjon frå cembaloen og orgelet.

Telemann

Konserten opna med ein dissonans: ouverturen frå ein orkestersuite i h-moll (TWV 55.h2) av Georg Philipp Telemann (1681–1767), som byrjar med ein så krass akkord at folk kvakk til i kyrkjebenken. Denne typen fransk musikk var særs populær i det frankofile Tyskland i fyrste helvta av 1700-talet, og Telemann gjorde han til sin spesialitet. Han komponerte hundrevis av orkestersuitar. Dei er alle skjematiske i forma, men vanlegvis har dei ein eller annan genial vri som gjev kvart verk eit uttrykksmessig særpreg. Konsertmeisteren Huw Daniel leia fiolinane og bratsjane med samlande gestus og sørgde for klår og velkoordinert strykarklang. Intonasjonen var her og i resten av konserten mest utan unntak god.

Den arkaiske tonesetjinga av Bibelens 7. salme som fylgde, «Herr, strafe mich nicht» (TWV 7:3), må vera blant Telemanns tidlegaste verk. Dette er luthersk kyrkjemusikk av det mørke og alvorsame slaget, komponert som ei samanhengande lekkje av stutte songavsnitt og korparti, heilt utan elegante ariar og forteljande resitativ. Men det alvorsame verkar likevel ikkje trykkjande, for på typisk 1600-talsvis blir lidinga og dauden alltid sett i lys av livet som ventar den trufaste i æva. Dirigenten Devine fekk godt fram kontrastane i Telemanns lågmælt retoriske komposisjon.

Zelenka

Uhøyrd livfull katolisisme fylgde – uhøyrd i meininga at stykket aldri har vore å høyra i Noreg før: Jan Dismas Zelenkas (1679–1745) Confitebor tibi, Domine (ZWV 100), som er ei typisk salmetonesetjing for denne bøhmiske komponisten. Orkesterparten er nemleg halden i lys og italiensk stil, mens korpartia gjerne er innfløkt fleirstemmige slik protestantiske kyrkjemusikarar framelska dei. Blandinga av sørleg sanselegdom og tysk grannsemd er ideell.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement