Film

Mykje arv, lite miljø

Solomamma peikar med staur på tematikken «far vs. donor».

Edith, spelt av Lisa Loven Kongsli, har fått barn med hjelp frå donor og blir nysgjerring på kven donoren er.
Publisert Sist oppdatert

Åleinemor og Aftenposten-journalist Edith (Kongsli) har det fint med vesle Sigurd, men ho lurar mykje på kva sonen har arva frå donoren, både av eigenskapar og evner, gode som dårlege.

Når ei anna åleinemor med same donor seier ho har kome over namnet hans, Niels Krohn (Nordrum), klarar ikkje Edith la vera å oppsøka det genetiske opphavet til sonen sin.

Dømekraftlaus

Å få barn ved hjelp av sædbank har norske einslege kvinner kunna i fleire tiår, fyrst ved å reisa til utlandet og så, sidan 2020, også her til lands. Dette er fyrste norske spelefilmen eg kan hugsa å ha sett om å få barn med donor, og premissen verkar litt krass: den at mor er heilt opphengd i kven som ikkje berre er donor, men far til barnet.

Mange lurar nok på denne problemstillinga, eksemplifisert i Solomamma av barnehagebarnet som spør kor pappaen til Sigurd er. Og det er jo utvilsamt av betydning kva genmateriale ein får med seg, så at Edith fyrst fleire år etter å ha fødd sonen byrjar å søka på nettet etter kva som er arveleg (alt frå ADHD til narsissisme), verkar underleg. At dømekrafta hennar er så til dei grader dårleg at ho oppsøker Donor-Niels under påskot av å skriva ei sak om han til A-magasinet, er endå meir søkt, men dette er også motoren i filmen – ein motor som går på biologisk drivstoff, om nokon skulle lura.

Solomamma kjennest som ei aldri så lita fallitterklæring av den alternative, moderne familien som prøver å finna forma, og han bidreg lite til nyansering, som er synd når det endeleg kjem ein film om temaet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement