Teater
Mykje action, lite drama
Hyperaktiv Bjørneboe-dramatisering vantar ekte dramatisk effekt.
Oddgeir Thune og Eivin Nilsen Salthe i Bestialitetens historie på Det Norske Teatret.Oddgeir Thune og Eivin Nilsen Salthe i Bestialitetens historie på Det Norske Teatret.
Foto: Magnus SkredeFoto: Magnus Skrede
Det Norske
Teatret, Scene 2
Romantrilogien Bestialitetens historie blir gjerne rekna som hovudverket til Jens Bjørneboe. Ved 100-årsjubileet for fødselen til forfattaren synest det difor ikkje så unaturleg at ein prøver seg på ein sceneversjon. Det er midtbandet Kruttårnet den kroatiske regissøren Ivica Buljan har lagt hovudvekta på. Fiksjonen er eit galehus, den skakkøyrde verda i miniatyr, der vi mellom skildringar av perverterte og forstyrra menneske får dokumenterte rapportar om vald, valdtekter, mord og avrettingsmetodar gjennom tidene. Boka Kruttårnet er både eit skakande og eit originalt kunstverk. Men har det teatralt potensial? Vi er ikkje heilt overtydde.
Skodespelarane gyv på med profesjonell plastikk og musikalitet. Her finst heilt klårt gode augneblinkar, ikkje minst er Kyrre Hellums kvasiballett i berre undiken eit sårbart og flott høgdepunkt. Oddgeir Thune har ei velgjerande ro i hovudrolla. Musikken er bra. Men Bjørneboes tekst får her berre sjeldan den urolege, ubehagelege krafta som finst i boka. Det vert mest påståelege ord. Og når stykket er tre timar langt, vert det diverre langdrygt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.