Musikk

Musikkterapi frå Eidsvoll

Frontfigur Stian Carstensen spelar på sekkepipe.
Frontfigur Stian Carstensen spelar på sekkepipe.
Publisert

Den 21. mai i fjor hadde videoen Hippocampus Serenade premiere. Han sette ein støkk i mange som kjende multiinstrumentalisten og gjøglaren frå Eidsvoll. Videoen og musikkfølgje fortalte på surrealistisk vis om Carstensens veg attende frå fleire års sjukdom og inaktivitet.

Trass i ironien og surrealismen var også musikken og videoen prega av eit mørker som ikkje hadde vore merkbart i noko av det Carstensen hadde gjort tidlegare. Albumet Musical Sanatorium, som kom i november same år, stadfesta inntrykket. Han hadde brukt røynslene og tida frå sjukdomsperioden til å skapa ein unik hybrid av ei plate.

Fin flyt

Publikum i Festiviteten hadde garantert denne nære soga i bakhovudet og gav straks til kjenne at bandet hadde kome til vener. Det kunne også trengast. Flyet var forseinka, og tilskiparane hadde planlagt ein altfor kort rigge- og lydprøveperiode for ein så komplisert produksjon. Konserten blei utsett ein halvtime, og bandet fekk streng beskjed om at dei måtte avslutta seinast klokka 19.50, slik at publikum kunne nå neste prestisjekonsert. På denne bakgrunnen er det meir enn imponerande at Carstensen greidde å få så fin flyt og så god heilskap i konserten.

Stian Carstensen, som sjølv trakterte trekkspel, gitar, banjo og kaval, hadde med seg ein strykekvartett sett saman av Ola Kvernberg og Atle Sponberg (fiolin), Aine Suzuki (bratsj) og Audun Andre Sandvik (cello). I tillegg var Sidsel Walstad med på harpe, Torbjørn Dyrud på tangentinstrument og Giani Lincan på cimbalom, pluss Farmers Market-tandemet Finn Guttormsen (bass) og Jarle Vespestad (trommer). Rosina i pølsa var stortalentet Ola Erlien på gitar. Eit krutsterkt lag!

Intrikat ensemblespel

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement