Wanderlust
Tysk skog og turglede er tema for Mendelssohns mannskorsongar.
Utsnitt frå «Vandraren over tåkehavet» (1818), måla av Caspar David Friedrich (1774–1840).
Dobbelt-CD
Felix Mendelssohn Bartholdy:
Chöre für Männerstimmen
Männerstimmen des SWR Vokalensembles; dir.: Frieder Bernius. Carus 2023
Den tyske tidlegromantikaren Felix Mendelssohn Bartholdy komponerte jamt og trutt for firestemmig mannskor, fyrste gongen som elleveåring i 1820, siste gongen sju veker før han døydde i 1847. Mannskora inngår i skodespelmusikk, i kyrkjemusikk og i store, verdslege komposisjonar. I særstilling står likevel dei 38 mannskorsongane a capella (for songarar åleine), som mannskoret til den sørvesttyske kringkastinga SWR syng på sitt nye dobbeltalbum.
Frieder Bernius dirigerer. Tolkingane til denne nestoren i tysk kormiljø har lite av det tunge og klangleg klumpete me kjenner frå somme mannskor her heime. Denne letten har sjølvsagt med Mendelssohns komposisjonsteknikk å gjera, der han unngår for mange «tette» harmoniar etter kvarandre. Men hovudgrunnen er Bernius’ måte å dirigera på, med mykje «luft» mellom enkeltord og i slutten av frasane. Særleg bassane artikulerer luftig, nesten som kontrabassar pizzicato (nå strengene blir knepte på, ikkje strokne).
Spor 9 på fyrste plate, «Jägerlied», er eit godt døme. Melodien, som blir boren fram av tenorane, er songleg og tekstnær, medan bassane akkompagnerer med stutte basstonar på einskildord. Slikt driv satsen snøgt og smidig framover.
Sanselegdom
Mannskorkulturen blømde i Tyskland i fyrste helvta av 1800-talet, noko som har med samfunnsendringar i tida å gjera. Borgarklassen styrkte seg og fann saman i tallause samskipnader. Mannskorlaga var mellom dei viktigaste, der danna, nasjonalt innstilte mannfolk treftest i lukka selskap for å eta, drikka, syngja og dikta (i den rekkjefylgja, likar eg å tru). Stundom møttest mange lag til songarstemne med fleire tusen songglade herrar, gjerne i nyrestaurerte mellomalderborger over Rhindalen. (Eg tør ikkje tenkja på kor mykje øl og pølser som gjekk med ved slike høve.)
Mannskorkulturen var altså like mykje ein sosial og politisk som ein musikalsk tradisjon. Mendelssohns korsongar er klangen av den nye mellomklassen, av stolte og sjølvmedvitne mannfolk med sans for det sanselege.
Vandring og veiding
Det nasjonalpatriotiske ved mannskorkulturen var Mendelssohn framandt. Tyskdomssongar er der difor få av på albumet. Naturpoesi, derimot – om vandring og veiding, om vin og vakre jenter – slikt likte han å setja tonar til. Sentrale omgrep er her Deutscher Wald og Wanderlust, tysk skog og vandringslyst, særleg i to av dei vakraste songane, med tekst av tidlegromantikaren Joseph von Eichendorff: den lengtande «Der Jäger Abschied» (Jegerens avskil), sungen av heile koret, og den fyrige «Wanderlied» (Vandringssong), framført som solistkvartett av korets fire beste songarar.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.