JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

W for Wattstax

Det skulle ta eit halvt hundreår før musikkfestivalen i Los Angeles i 1972 vart skikkeleg dokumentert.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
The Bar Keys på scena på Wattstax-festivalen.

Foto frå filmen

3439
20230317
3439
20230317

Soul / Gospel

Diverse artistar:

Soul’d Out: The Complete Wattstax Collection

Craft / Concord

Enkelte namn er lada med historie i kraft av orda dei koplar saman – som Wattstax, som refererer både til Watts, ein bydel sør i Los Angeles, og til Stax, plateselskapet som vart stifta i Memphis i 1957. Den kløktige kombinasjonen passar godt, sidan Al Bell, som dreiv Stax på den tida, kom på å lage musikkfestival i Watts, ein idé som vart realisert 20. august 1972, då Wattstax gjekk av stabelen.

Det var politivald mot ein afroamerikanar som førte til store demonstrasjonar i nett Watts i 1965, der 34 menneske døydde i løpet av mindre enn ei veke, i tillegg til ei mengd personskader og arrestasjonar – hendingar som sjølvsagt framleis prega området då Bell laga ein Stax-maraton i Los Angeles Memorial Coliseum sju år seinare, med nokre av dei største namna i samtida på plakaten. Isaac Hayes, Rufus Thomas, The Staples Singers og mange fleire kom. Billetten kosta éin dollar, men mange slapp inn gratis, på ein musikkfestival som samla utrulege 112.000 publikummarar.

Dokumentasjon

Bell var businessmann også og nådde breitt ut med katalogen sin på denne måten, også for ettertida, sidan hendinga vart fanga på film: Wattstax, regissert av Mel Stuart, kom året etterpå (og er ikkje minst kjend for ugløymelege innslag ved komikaren og skodespelaren Richard Pryor). Likevel har ikkje hendinga fått si fortente merksemd i musikkhistoria. Dei store massemedia var ikkje på plass i Watts den dagen, og filmen fekk ikkje den distribusjonskrafta som var naudsynt. Det er ei historie vi har høyrt før.

Eit halvt hundreår seinare er det no mogleg å vie vel tolv timar til hendinga, med Soul’d Out: The Complete Wattstax Collection, ein fest av ei utgiving. Det har vore plater før, men med denne nærast dokumentariske boksen har vi fått ein aldri så liten tidsmaskin. Då det på eit tidspunkt heldt på å gå over styr inne på stadion, måtte Rufus Thomas prøve å roe ting litt ned, noko han fekk til på svært elegant vis – ei stund som også har fått plass her.

Dette er også første gong heile settet til Isaac Hayes er å høyre på plate, låtskrivaren og artisten som på denne tida var best kjend for det enormt populære lydsporet til den viktige spelefilmen Shaft (Gordon Parks, 1971).

Klangbotn

Wattstax-samlinga har fleire klangbotnar. Ho peikar mot ein pågåande musikkhistorisk revisjon, eksemplifisert gjennom Questlove-filmen Summer of Soul (2021), frå den neglisjerte musikkfestivalen i Harlem i 1969 som vart løfta fram fleire tiår seinare. Utgivinga aktualiserer også den kulturelle og politiske kampen mot vedvarande politivald mot afroamerikanarar, der det er lett å trekkje tragiske liner frå drapet på George Floyd (i Minneapolis i 2020) og tilbake til Rodney King (i Los Angeles i 1992) og vidare tilbake til nett det som hende i Watts i 1965.

Når ein lyttar til Richard Pryors innslag på Soul’d Out, er det som om han kommenterer både det som har hendt, det som føregår, og det som skal skje i tiåra som skal følge. Slik reflekterer også denne utgivinga tittelen på Questloves bok frå 2021, Music is History.

Filmen Wattstax (1973) vert vist på Cinemateket i Bergen 11. april, med ein introduksjon ved artisten og låtskrivaren Miss Tati.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis