Virtuelt musikkmuseum
Radiohead tek oss med på ein berg-og-dal-banetur gjennom eit skogsmuseum av musikalske minne.
Interaktivt album
«If you're in a forest, out of your mind», syng Thom Yorke på «If You Say The Word», ein tidligare uutgjeven song frå Radioheads nye samling, Kid A Mnesia. I samband med samlinga har bandet kokt i hop ei interaktiv utstilling i spelformat der materiale frå dei over 20 år gamle platene Kid A og Amnesiac vert utforska på nye vis.
Kid A Mnesia Exhibition startar nettopp i ein skog, og medan eg undersøkte området rundt inngangen til Radioheads virtuelle museum, snubla eg ned i eit hol i bakken. Her tumla eg rundt blant røter og miniminotaurar, fór gjennom underjordiske tunnelar og inn i ein bunker der eg blei lokka rundt i labyrintiske sløyfer av ein endelaus, hypnotisk collage av snuttar og verseliner som eg synest å kjenne att frå Kid A. Lyddesignet og musikken i dette museet er ikkje presentert i statisk stereo, så hovudtelefonar er tilrådd.
Borti eit hjørne stod ein gråtande gipsdemon og gnei seg i bandasjerte augo. Eg vandra vidare inn i museet – baklengs, utan at det gjorde noko, for nye innfallsvinklar er det som skal utforskast her. Medan eg studerte eit gigantisk bilete, byrja det å flyte ut or ramma si. Før eg visste ordet av det, hadde golv og gravitasjon forsvunne, og eg flaut vektlaust rundt i ei sky av abstrakte partiklar og usynlege lydkjelder medan tid og rom og fysiske lovar gjekk i oppløysing i takt med musikk frå Amnesiac.
Eg høyrde mykje på dei originale platene då dei var nye, og for meg var vitjinga av Kid A Mnesia Exhibition ei interessant og kontemplativ utforsking av perspektiv og minne. Nokre av utstillingsromma er meir interessante enn andre, men det er jo gratis.