Viktige meldingar frå Surman
Her er det duka for musikalsk rundebordskonferanse.
John Surman, Thomas Strønen, Rolf Luft og Rob Waring.
Foto: Erik Fuglseth
Jazz
John
Surman:
Words Unspoken
John Surman, bassklarinett, baryton- og sopransaksofon; Rob Luft, gitar; Rob Waring, vibrafon; Thomas Strønen, trommer. ECM
John Surman har vore eit sentralt namn på den internasjonale jazzscenen i meir enn 50 år. Han har gjeve ut 20 plater på ECM og er såleis ein av dei med den rikaste porteføljen på dette selskapet. I august fyller han 80 år.
Tonen i både sopran- og barytonsaksofonen avslører Surman ganske raskt, men stilistisk og sjangermessig er han ganske mangfaldig. Han opererer innanfor triangelet jazz, folkemusikk og samtidsmusikk, men kor tyngdepunktet ligg, kan variera frå innspeling til innspeling. Formata på ensembla varierer også stort – frå storband til solo. Surman er ein instrumentalist og komponist med ein tydeleg identitet i alt mangfaldet.
Tittelen Unspoken Words har i denne samanhengen to tydingar. Surman har late seg fascinera av korleis assosiasjonane hjå lyttaren framkallar eit så rikt spekter av opplevingar av eit musikkstykke. Samstundes har han nytta det usagde som ein metodikk i arbeidet med plata, det vil seia at Surman har kome til bandet med musikalske idear/skisser utan detaljerte instruksar. Bandet har utvikla dette til det ein kan høyra på plata.
Metodikken har fungert. Samtalen flyt aldeles utvungen uansett form og tempo. «Bitter Aloe» er eit døme på musikalsk replikkunst som gjev ein svært så meiningsfull heilskap. Waring og Luft har funne plassen sin i lydbilete som gjev totaliteten eit krystallklart preg trass i klangrikdomen. Plata inneheld ikkje éin likegyldig augneblink, men her er små perler undervegs som begeistrar ekstra. Lytt på den lange duetten mellom Surman og Strønen i introen til «Hawksmoor». Slikt gjer berre musikarar på aller øvste hylle.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.