Viktig musikkhistorieformidling
Ottar E. Akre var ein av våre mest aktive og allsidige trekkspelarar.
Folkemusikk
Ottar E. Akre:
Soloinnspillinger
Aksent
For mange vil lyden av Ottar E. Akre (1896–1992) først og fremst vera knytt til plateinnspelingar med Olav Werner, Ivar Ruste og Jens Book-Jensen. Men han var så mykje meir en akkompagnatør for populære songarar. Han hadde med seg sterk folkemusikkpåverknad frå oppveksten i Rendalen, men vart også notekunnig. Han har spelt til dans, sirkus, restaurantgjester og boksekampar, og var ein periode kombinert kinomaskinist og musikar. Han leia fleire ensemble, var ein høgt skatta pedagog og laga lærebøker i trekkspel.
Men på denne CD-en er det plateinnspelingar med solisten Akre som er i fokus. Dei vart først utgjevne på 78-plater i perioden 1919–1938, dei fleste i Oslo, men nokre av opptaka vart innspelte i New York. I USA turnerte han, spelte i radio og på plater, og studerte jamvel harmonilære og kontrapunkt.
Akre var dermed ein musikar som ikkje berre kan karakteriserast som folkemusikar. Han spelte mykje av den musikken som var etterspurd i samtida, og hadde dessutan ei viss klassisk skolering. Dette er musikk som er spelt inn direkte, utan høve til reparasjonar/klipping, som vart vanleg etter at bandopptakaren kom på marknaden. Nettopp difor er det tydeleg at det er ein trygg og virtuos musikar me høyrer. Musikken på plata er runddansmusikk (mellom anna vals, reinlender og galopp), inkludert eit par eigne komposisjonar.
Håvard Svendsrud har, som vanleg på utgjevingane til Aksent, skrive eit omfattande og svært interessant teksthefte. Denne utgjevinga er dermed ein viktig dokumentasjon av ein del av musikkhistoria som ofte vert gløymt.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.