Vidløftig
I orkesterverket Tanken grip Hjalmar Borgstrøm til både ambolt og sirene.
Utsnitt av «Getsemane», måla av Nikolai Astrup (1880–1928).
Foto: KODE
CD
Hjalmar Borgstrøm:
Symphonic Poems
Trondheim Symfoniorkester; dir.: Eivind Aadland. CPO 2024
Det er i år 150 år sidan Hjalmar Borgstrøm kom til verda i Oslo. Denne grannsame komponisten og musikkskribenten var ein frisk pust i det nasjonalromantisk prega norske musikklivet då han etter hundreårsskiftet vende attende etter nærare 20 år i Tyskland. I hovudstaden forfekta han nye kontinentale straumdrag, særleg den såkalla programmusikken, der utanommusikalske fenomen som natur, kjenslemessige tilstandar, konkrete handlingar og gjenstandar blir skildra.
I sentrum for merksemda hans stod symfoniske dikt, som er reint instrumentale orkesterverk der ein tekst ligg til grunn. To av sorten – Jesus i Gethsemane frå 1904 og Tanken frå 1916 – er no spelte inn av Trondheim Symfoniorkester med dirigenten Eivind Aadland. Saman realiserer dei Borgstrøms massive og til tider smått patetiske partitur med truverd og teknisk overskot.
Angstmotiv
Komposisjonane syner høg instrumenteringskunst, for Borgstrøm visste å utnytta den særeigne uttrykkskapasiteten til dei ulike orkesterinstrumenta, og som verktitlane tilseier, skydde han ikkje dei verkeleg store temaa.
Jesus i Gethsemane skildrar berre delvis den ytre handlinga, som er Jesu opphald i Getsemane fram til han blei ført bort av soldatane. Meir fokus tykkjest det vera på Jesu indre kamp. I opninga, som har eit musikalsk «angstmotiv» i form av ei fallande rekkje dissonerande, sterkt kromatiske tonar i fiolinane, høyrer me kor sterkt musikkspråket hans var prega av Richard Wagner og Richard Strauss. Særleg «straussk» – og ikkje lite søtlåten – er andresatsen «Adagio», der fiolinsoloen blir akkompagnert av bølgjande harpeakkordar.
Hjalmar Borgstrøm (1864–1925).
Feststemd koral
Borgstrøms insisterande stil i dette symfoniske diktet er litt slitsam å lytta til, for dei uttrykksmessige høgdepunkta kjem for tett. Tanken, derimot, har større dramatisk stringens og emosjonelt atterhald, og klangane er meir transparente. Dette trass i det vidløftige temaet: verdshistoria frå skapinga til jordas undergang, slik det er skildra i prosadiktet (skrive av komponisten) som skal lesast opp av ein skodespelar før framføringa (her prenta i omslagsheftet til CD-en).
Særleg likar eg tredjesatsen «Haarde trængselstider. Tanken skjænker idealismens trøst til de sorgbetyngede», som gjennom ein dyster fuge munnar ut i ein feststemd koral. Sistesatsen «Tanken træller under materialismens aag» syner Borgstrøm på sitt mest moderne, og som ein typisk programmusikkomponist. For å framstilla industri og fabrikkstøy nyttar han nemleg både ambolt og sirene som orkesterinstrument.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø