Musikk

Verdspremiere

Det er noko lint og lett ved ved Francesco Cavallis kyrkjemusikk.

Bronsehestane framføre Markuskyrkja i Venezia, der Cavalli var organist.
Bronsehestane framføre Markuskyrkja i Venezia, der Cavalli var organist.
Publisert

Francesco Cavalli (1602–1676) var på 1600-talet ein like namngjeten operakomponist som Rossini og Verdi var på 1800-talet – ikkje berre i Italia, men i store delar av Europa. Han komponerte 41 operaer, dei fyrste for Teatro San Cassiano i Venezia, som var verdas fyrste offentlege operahus.

Men Cavalli var også kyrkjemusikar. Han kom til verda i Crema, ein norditaliensk by som høyrde til republikken Venezia, der far hans var domkapellmeister. Ein venetiansk aristokrat tok vesle Francesco med til Venezia, der han blei gutesopran og seinare tenor i domkyrkja San Marco. Her var Italias mest kjende komponist domkapellmeister: Claudio Monteverdi, som truleg underviste Cavalli. I San Marco skulle også Cavalli nå toppen på kyrkjemusikarkarrieren sin, som hovudorganist i 1665.

Ikkje lytefritt

Cavallis religiøse musikk er lite kjend. Store norske leksikon, til dømes, skriv berre om operaene hans. Det høver difor godt at Coro & Ensemble Claudio Monteverdi i heimbyen hans Crema no gjev ut det som ser ut til å bli ein serie med kyrkjelege Cavalli-album (det førre kom i 2021). Fleire av stykka har aldri vore innspelte før.

Plata er ikkje lytefri, for den tekniske presisjonen er meir på nivå med slikt ein kan venta seg under ein god konsert. Innsatsane til dei fire songsolistane er stundom unøyaktige, og også i koret og orkesteret slarkar det litt. Men dette klarer eg å sjå bort frå når spelegleda og evna til klangblanding er så overtydande.

Solistane har alle vakker klang og stilrett songteknikk. På det fyrste sporet, som er ei tonesetjing av den 110. bibelske salmen, presenterer dei seg i tur og orden. Fyrst sopranen Francesca Santi, som syng ornamenta med slank og presis røyst. Deretter alten Marta Fumagalli, som har så vibratolaus røyst at det høyrest ut som eit strykeinstrument. Så bassen Alessandro Ravasio, som fylgjer gamben (eit djupt strykeinstrument) perfekt. Og til slutt tenoren Matteo Magistrali, som har vedunderleg klår klang og tydeleg diksjon. Mellom solistane er nok han min favoritt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement