Verd å venta på
John Ellis er perfekt match for trioen Solid!.
Jazz
Solid!
Wood-works
John Ellis, bassklarinett og tenorsaks; Bjørn Vidar Solli,
gitar; Daniel Buner Formo, hammondorgel; Håkon Mjåset Johansen, trommer. Particular Records p!3
Woodwork betyr trearbeid eller å leva tilbaketrekt eller i anonymitet. Platetittelen speglar det faktumet at trioen gjev ut plate etter ein pause på ti år. Visitor kom ut i 2011 og hadde med den amerikanske saksofonisten Seamus Blake som gjest.
No er han bytt ut med John Ellis, som for det meste spelar bassklarinett, og her er ein ved eit anna poeng ved tittelen – i alle instrumenta er tre eit viktig materiale. Det siste har Solli hatt i bakhovudet då han komponerte stoff til plata. Det er ein herleg patina over lydbiletet som kler musikken sånn til dei grader. I tillegg har han skrive musikken tilpassa dei særeigne kvalitetane til musikarane han har med i bandet, ein Ellingtonsk innfallsvinkel, med andre ord.
Musikken er stilistisk variert. Hovudtyngda må kunna karakteriserast som mainstream, men her er døme på modale komposisjonar, og Solli nærmar seg Pat Metheny i uttrykket på den melodiøse «Palooka».
I mykje av stoffet er det ein vev av spanande melodilinjer i staden for eit tradisjonelt komp. Med bassklarinetten formar Ellis kora sine i lange linjer som på sjølvsagt og smakfullt vis nyttar heile registeret. Orgel og bassklarinett er som skapte for kvarandre i denne settingen, og den glasklare gitarlyden når fram i kvar minste detalj. Også Johansen briljerer med dei fleste triksa i boka, men alltid så delikat som berre han kan. Det er rett og slett solid!
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.