Musikk
Vemodig og vakkert
Kunsten å seia berre det som trengst.
Palle Mikkelborg, Marilyn Mazur og Jakob Bro.
Foto: Jakob Jepsen / ECM Records
Konserten i Danmark Radios konsertsal i februar i år sameiner tre leiande krefter i dansk jazz. Konserten er også ein milepåle fordi Mikkelborg er attende på konsertscenen og tek opp att det over ti år gamle musikalske samarbeidet med Bro.
I 2018 kom plata Returnings (ECM), der Bro og Mikkelborg samarbeidde med den amerikanske bassisten Thomas Morgan og Jon Christensen. Plata er ein oppfølgjar til Gefion, med trioen Bro, Morgan og Christensen, som kom tre år før. Dei seks komposisjonane på Strands er henta frå dei to nemnde utgjevingane og førte i pennen av Bro og Mikkelborg.
Sjølv om låtane har ein klar identitet, svekkjer det ikkje kjensla av å bli teken med på ei tre kvarters musikalsk reise kjenneteikna av kontemplasjon, ettertanke, vemod og sorg.
Opningskuttet «Gefion», som skapar assosiasjonar til Zawinuls «In a Silent Way», set an grunntonen i den musikalske reisa som munnar ut i ein kort versjon av «Lyskaster». «Returnings» representerer eit brot både dramatiske og dynamisk, men er like fullt ei side ved grunnforteljinga. Låten syner også Mikkelborg på sitt mest Miles- og blues-inspirerte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.