Musikk
Velregissert
Dirigent Jonathan Sells og fiolinist Isabelle Faust mottek applaus i Nikolaikyrkja.
Foto: Gert Mothes / Bach-Archiv Leipzig
Det var eit musikalsk toppmøte som verka merkeleg på papiret, men synte seg å fungera utmerkt i praksis: Monteverdi Choir, som er Storbritannias mest kjende barokk-kor, skulle syngja motettar av J.S. Bach og andre komponistar i Bach-familien, medan Isabelle Faust, ein av vår tids fremste fiolinistar, skulle framføra enkeltsatsar frå Bachs solosonatar og -partitaer innimellom.
Resultatet blei ein velregissert leik med tid og rom. I korverka stod songarane ulike stader i Nikolaikyrkja, noko som forsterka dei ekkoverknadene komposisjonane legg opp til. Også dei små forseinkingane i lyden skapte herleg friksjon. Faust, som fyrst spelte frå lengst inne ved høgaltaret, dukka også etter kvart opp andre stader i kyrkjerommet, noko som bokstavleg talt synte ulike sider ved klangen til Stradivarius-fiolinen hennar frå 1704.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.