Velkommen tilbake
Om du har sakna røysta frå Cocteau Twins, har du noko godt i vente med Sun’s Signature.
Sun’s Signature har Elisabeth Fraser laga saman med mannen sin, Damon Reece.
Pressebilde
Pop
Sun’s Signature:
Sun’s Signature
Partisan Records/Border
Det kjennest stort når «Apples» fyller stoverommet med all si prakt, for vi har ikkje vore bortskjemde med song frå Elizabeth Fraser (f. 1963) opp gjennom åra – faktisk er det 13 år sidan sist ho var å høyre. Vokalisten har dukka opp her og der, på plater av til dømes Oneohtrix Point Never og Massive Attack, men det har vorte ei stund sidan utgivingane ho laga med Cocteau Twins (1981–1997), kom som perler på ei snor. «Apples» byr på nesten åtte minutt med vellyd og fører atter Fraser fram på midten av scenegolvet, til glede for gamle og nye lyttarar, saman med fire andre songar på den nye EP-plata Sun’s Signature.
Fryd å høyre
For sånne som meg, som er flaska opp på Cocteau Twins i famlande, formative år, er røysta til Fraser eit slags haldepunkt, noko ein vender tilbake til med jamne mellomrom, og det er ein fryd å høyre henne igjen. Musikken ho laga saman med Robin Guthrie er noko heilt eige og dukkar frå tid til anna opp i TV-seriar og filmar. Eg høyrer også til mellom dei som er glad i prosjektet This Mortail Coil, som samla artistar på plateselskapet 4AD, der hadde også Fraser ei sentral rolle – innverknaden på fleire generasjonar med songarar er openberr og tydeleg, sjølv om ingen heilt høyrest ut som ho.
Sun’s Signature har Fraser laga saman med mannen ho lever saman med, perkusjonisten Damon Reece, som fleire vil kjenne frå nett Massive Attack, og dei fem songane samla på utgivinga overraskar knapt. Når det er sagt, er alt som det skal. Røysta svever ein stad over det intime, sofistikerte lydteppet med sine synthar, treblåsarar og ein kledeleg vibrafon. Gitarist Steve Hackett (Genesis) passar perfekt inn på tre av dei fem spora. Det dreier seg ikkje om banebrytande musikk, men fantasirikt er det, og Fraser syng like fint som før.
Fortid kryssar notid
Opningssporet «Underwater» høyrest ut som ein refleksjon frå ein no smått aldrande vokalist, med sine referansar til livets sommar og haust, men dei tidlegaste utgåvene av låten kan ein faktisk spore mange år tilbake i tid, bortgøymd på obskure utgivingar frå den gong då, utan at dette høyrest ut som årgangsvin. Det finst fleire døme på at fortid kryssar notid på Sun’s Signature, som «Bluedusk», der også Anohni lurer i skuggane. Som før kan Fraser av og til få ein til å tenkje at tonane ein høyrer kunne vore fleire hundre år gamle, som med «Make Lovely the Day». For dei som ønskjer seg seinsommarlege musikalske stemningar, lever bandprosjektet opp til det solvarme namnet sitt.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.