Velkomen til Polgras
The Golden Dregs inviterer deg til ein by som ikkje finst.
Mannen bak The Golden Dregs er Benjamin Woods.
Pressefoto
Rock
The Golden Dregs:
On Grace & Dignity
4AD / Playground
Er du av slaget som framleis møter ny musikk i form av eit nytt objekt? Likar du endåtil å brette ut universet som skjuler seg bak vinylplatene si innpakning, og oppdage ei ny verd bit for bit?
I så fall vil du finne ein slåande inngang til On Grace & Dignity, den nye utgivinga frå The Golden Dregs. Benjamin Woods, som skjuler seg bak bandnamnet, fekk den Bristol-baserte kunstnaren Edie Lawrence til å konstruere ein modell av Polgras, ein fiktiv by i Cornwall, og det er denne som pryder omslaget til albumet.
Scener frå ein by
Kvar song på On Grace & Dignity spelar seg nemleg ut i scener du kan finne att i Lawrences store, detaljrike miniatyr. I singlane som kjem frå albumet, zoomar vi inn i desse scenene på omslaga. Fikst!
Autentisiteten er det ikkje noko å seie på, for Woods kjem frå Cornwall, eit område i sørvest England fleire vil kjenne for ferieturisme, men der det også finst ei anna verd bak fasadane, slik tilfellet jo ofte er med slike stader.
Då pandemien slo inn med full tyngde vinteren 2020, mista Woods jobben under nedstenginga, og han flytta frå London og heim til huset til foreldra. Der var det lenge håplaust å finne inntektsbringande arbeid, før han til slutt slapp til på ein forsarva byggeplass i den slitnaste utkanten av administrasjonsbyen Truro.
«The sun may rise, but I’m glued to the pavement», heiter det i ein karakteristisk observasjon i «Before We Fell From Grace». Det finst fleire menneske som har ei regnsky hengande over akkurat seg på On Grace & Dignity. Woods nemner forfattarar som Raymond Carver og Lydia Davis som inspirasjonskjelder. Det gir meining.
Den djupe, mørke røysta passar også til å fortelje om karakterane og universet som trer fram i songane, som fleire gonger får meg til å tenkje på musikken Stephin Merritt har laga med The Magnetic Fields, og ikkje minst David Bermans Silver Jews-plater.
Heimesnikra preg
On Grace & Dignity er tredje albumet frå The Golden Dregs og vart spelt inn på guterommet i Truro og i heimen Woods no bur i, sør i London. I anslaget finn vi han ved eit gammalt piano, i ein kort instrumentalsnutt, som leier oss inn i nøkkelsporet «American Airlines», der lydbiletet opnar seg opp, sjølv om det bevarer eit lettare heimesnikra preg heile vegen vidare.
Ali Chant, kjend frå samarbeid med Perfume Genius og Aldous Harding, er medprodusent og står for miksen – og når saksofonen kjem spradande inn i nett «Before We Fell From Grace», kan tankane fort gå til Hardings Warm Chris (2022). The Golden Dregs har laga ei plate eg kjem til å vende tilbake til, igjen og igjen.
On Grace & Dignity kjem ut 10. februar.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.