Velklingande amerikabilete
Trond Kallevåg byr på ei truverdig stilblanding.
Trond Kallevåg i spissen for bandet.
Pressefoto
Americana
Trond Kallevåg:
Amerikabåten
Trond Kallevåg, gitar/pedal steel; Daniela Reynes, trekkspel/gitar; Selma French, feler/gitar; Håkon Aase, fiolin, gitar/trøorgel; Jo Berger Myhre, bass; Ola Øverby, trommer og sag. Hubro
På dei to første platene gitarist Trond Kallevåg gav ut, Bedehus & Hawaii og Fengselsfugl, hadde han heilt spesifikke tema som utgangspunkt. Slik er det også denne gongen. Amerikabåten tener som bilete på musikalske impulsar som har reist fram og tilbake over Atlanterhavet, samstundes som han representerer sterke forteljingar om menneske som opplevde dramatiske omskifte i livet sitt. Både draumar, sakn og brutal realisme er ein del av alle migrasjonshistorier. Slike stemningar kan òg merkast i musikken: frå naiv optimisme til sår melankoli.
Men sjølv om Kallevåg har tydelege tema som utgangspunkt for kvart plateprosjekt, har han heile tida eit attkjenneleg særpreg. Og det klingande resultatet er ikkje veldig ulikt frå plate til plate. Dette viser at spesifikke tematiseringar (innan instrumentalmusikk) først og fremst er noko som tener som inspirasjon og gjev retning for komponisten.
Dette er musikk som er vanskeleg å sjangerfesta: Fleire av musikarane har bakgrunn frå jazz, folkemusikalske element er til stades gjennom bruk av trekkspel, fele og sag. Pedal steel-gitaren gjev assosiasjonar til country & western, og elles er det mange element som ein kjenner frå akustiskbasert pop og rock, ofte under merkelappen «americana».
Amerikabåten er òg fri for provoserande eller støyande element. Musikken kling mildt og melodiøst og er truleg lett å lika for dei fleste. Dei ni spora er stramt komponerte, improvisasjonane er disiplinerte, og sjølv om plata er spekka med små melodiar og akkordvendingar ein kan ha høyrt før, framstår dette som originalt heile tida. Dei fleste elementa er velkjende, men heilskapen er særprega. Det er berre å gle seg til Kallevågs neste temareise.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.