JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Velforma telespel

Viktig utgjeving av private opptak med ein storspelemann.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1630
20230210
1630
20230210

Folkemusikk

Olav Løndal:

Tuddal

Aksent

Hardingfelespelaren Olav Løndal (1904–1986) var ein av dei sentrale forvaltarane av folkemusikken i Telemark. Det var mykje felespel i slekta; både far hans, Svein, og brørne Kjetil og Einar er kjende spelemenn. Og ein annan tuddøl, Knut Buen, lærte òg mykje av løndalsspelet. Buen har stått for utvalet av slåttar og skrive ein fyldig artikkel som fylgjer med plata.

Medan mykje av det som vert utgjeve av arkivopptak, har meir eller mindre profesjonell lydkvalitet (gjerne henta frå det rikhaldige arkivet til NRK), er denne utgjevinga utelukkande sett saman av privatopptak frå 1950-talet, gjorde av Hølje Landsverk, Anders Buen og Hauk Buen.

Teknikar Audun Strype har gjort ein stor jobb med lydrestaurering, men likevel har lydkvaliteten noko upretensiøst og spontant over seg, som er sjarmerande. Nokre av opptaka er henta frå kappleikar, der slåtten og spelemannen vert introduserte, og dette tilfører produksjonen ei ekstra stemning.

Mannen bak plateselskapet Aksent, Håvard Svendsrud, har etter kvart gjeve ut mykje verdfullt arkivmateriale, og denne produksjonen føyer seg inn i rekkja av viktige utgjevingar som alle kjennarar av norsk folkemusikk vil kunna gle seg over.

Produksjonen kan dessutan tena som ein honnør til alle dei som har vore «der det skjedde», og frivillig dokumentert viktige delar av kulturarven vår. Og ein stor del av tilfanget til folkemusikkarkiva våre er nettopp privatopptak av denne typen.

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland er musikkvitar, musikar og fast meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis