JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Vegar til å høyre

I dramaet rundt Ways of Seeing er det blitt oversett at stykket er ein heilt unik musikal.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sara Baban på scena.

Sara Baban på scena.

Foto: Leif Gabrielsen

Sara Baban på scena.

Sara Baban på scena.

Foto: Leif Gabrielsen

2036
20220902
2036
20220902

Musikkteater

Sara Baban, Hanan Benammar, Pia Maria Roll:

Ways of Seeing

Black Box Teater

I Ways of Seeing (BBC, 1979) syner kritikarkunstnaren John Berger korleis representasjon av syn (til dømes oljemåleri og reklame) kan brukast til å konstruere perspektiv, oftast med makt- og profittorienterte siktemål. Teaterstykket med same namn har vekt og avdekt forskrudde høgreekstreme perpektivvridingar med sitt reverserte metanarrativ om overvaking, makt og utanforskap. Men ein detalj som har drukna i det underlege true crime medie- og rettssakssirkuset rundt stykket, er at Ways of Seeing er ein musikal.

Lågmælt, men konsis punkbassvamping akkom­-
pagnerer lange monologar. Ali Djabbaris forteljing om den algeriske motstandsrørsla sklir umerkeleg over i ein rasande festleg Singing in the Rain-referansedans om katastrofe (for etablissementet). Reggae vert sameint med kurdisk tradisjonsmusikk. Den kurdiske skaldtradisjonen dengbej har i mange tusen år blitt brukt til å formidle og ta vare på historier, og songane kan vare i dagevis. Sara Babans mormor var del av denne truga tradisjonen, som står sentralt i stykket.

I klimaks av stykket er det umogeleg å motstå Babans medrivande og virtuose loop pedal-omgang med den intense dengbej-songstilen. Språkbarrierar vert oppløyste. Hanan Benammar speler fiolin, Djabbari dunkar på daf, ei tradisjonell rammetromme, tidlegare høgsterettsdomar Ketil Lund dronar i veg på eit uidentifisert belginstrument: Dette usannsynlege bandet vil eg gjerne sjå igjen, men diverre skal oppsetjingane på Black Box førre veke ha vore dei siste. Men om og når sjansen byr seg til å sjå dokumentasjonen av stykket på TV, museum, kva vis som helst, er det berre å hive seg rundt og kaste alle sine blikk over det som må vere den mest effektive politiske musikalen verdsaltet nokosinne har høyrt eller sett.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar, dj og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis