Varm og variert nintendomusikk
På Remutes nye album blir dundrande techno blanda med koselege Kraftwerk-referansar.
Remute i Nintendo 64-kassettformat.
Foto: Bandcamp
Elektronisk musikk
Remute:
R64
Bandcamp
TV-spelkonsollen Nintendo 64 kom ut i 1996, og den siste offisielle spelutgjevinga til maskina fann stad i 2002. Nyleg gav den tyske musikkprodusenten Remute ut det som skal vere det første musikkalbumet laga for avspeling på denne gamle duppeditten.
R64 er kan hende Remutes mest tilgjengelege album til no. «When A Thought Becomes A Weapon» er ein varm houselåt, «Your Church» er ein spretten tur til indre og ytre rom med høg setekomfort. Fleire av songane, til dømes «Superposition» med sin maskinelle vokalist, minner ein heil del om Kraftwerk og Yellow Magic Orchestras lyse, lette og leikne tidlige elektronika, medan «Out Of Time» er av det meir hardtslåande slaget.
I si reinaste form kjem R64 i Nintendo 64-kassettformat. Kassetten inneheld ikkje ferdig innspelt musikk, men eit digitalt partitur og eit ensemble av sample-instrument som spelar verket i sanntid kvar gong ein set inn kassetten og startar maskineriet. Albumet finst heldigvis òg på vinyl, vanlege nedlastingsformat og på streamingtenester, men spelkassettversjonen inneheld visuelt akkompagnement til maskinmusikken, ein hypnotisk glideflukt gjennom digitale landskap i retrofuturistisk stil som minner om kyberromsekvensane i sci-fi-filmen Landmower Man.
Dersom det står ein gamal konsoll på loftet, kan R64 vere ein god grunn til å hente fram støvkluten. Opplag nummer tre er oppe til førehandstinging no, og tilsvarande musikkalbum frå Remutes bakkatalog, til Sega Mega Drive og Super Nintendo, er dessutan tilgjengelege i nytt opplag frå utgjevaren Strictly Limited, for den som skulle nære interesse for kuriøse musikkformat.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, trommeslagar, DJ og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.