Væpna mann
Parodimesser er ingen spøk.
Konstantinopels fall i 1453. Fransk illustrasjon frå slutten av 1400-talet. Utsnitt.
Standardinnspelinga
Guillaume Dufay:
The Masses for 1453
Cantica Symphonia; dir.: Giuseppe Maletto. Glossa 2014
Ordet «parodimesse» kan gje feil assosiasjonar. Ei messe er i musikksamanheng eit vokalverk der messeledda Kyrie, Gloria, Credo, Sanctus og Agnus Dei dannar tekstgrunnlaget. Om «parodi» fortel ordboka at det er ei spottande etterlikning, ei karikering av eit kjent kunstverk eller herming etter ein person.
Men parodimessa er ingen spøk. Parodien går ut på at komponisten nytta ein alt eksisterande melodi som grunnlag for ei ny tonesetjing – gjerne ein verdsleg song som av lyttarane (som kjende den originale songteksten) blei tolka om i ein kristen samanheng.
Denne messetypen blei vanleg frå midten av 1400-talet. Komponistane nytta dei (verdslege) melodiane som cantus firmus («fast song») og komponerte sine eigne kunstferdige kontrapunkt (motstemmer) til.
To slike messer av renessansekomponisten Guillaume Dufay (ca. 1397–1474) blei spelte inn av ensemblet Cantica Symphonia i 2014. Noko av det finaste med plata er den spesielle klangen. Innspelinga blei gjord i ei høvande renessansekyrkje i den søritalienske regionen Puglia. Produsentane nytta berre eitt mikrofonpar, noko som får fram den naturleg linne og varme akustikken i kyrkjerommet, utan nemneverdig manipulering av lyden i etterkant.
Likkledet
Kven var så Guillaume Dufay? Han kom til verda i nærleiken av Brussel og soknar til den såkalla flamske skulen i musikksoga. Som si tids fremste europeiske komponist arbeidde han ved mange prestisjetunge hoff og viktige kyrkjer. Verka på albumet blei til medan han tente hjå hertug Ludvig av Savoie, i Chambéry, som den gongen var hovudstad i Savoie. (Området er i dag for det meste fransk, med grenser til Italia og Sveits.)
I 1453 hadde hertug Ludvig skaffa seg ein av kristendomens viktigaste relikviar: «likkledet i Torino», som ber dette namnet av di det dryge hundre år seinare hamna i Torino, som då var blitt hertugdømet Savoies nye hovudstad.
Det er i denne samanhengen Dufays Missa Se la face ay pale blei til – ei messe med melodien til den verdslege songen «Når andletet mitt bleiknar». Songen handlar om andletet til mannen som bleiknar i møte med kvinna han elskar. Men her, når melodien er nytta i ei messe, skal me sjølvsagt skjøna det som Kristi daude andlet.
Katastrofe
1453 blei elles eit annus horribilis for Europa. Berre nokre månadar etter at hertugen hadde motteke likkledet, blei det kristne Konstantinopel hærteke av dei muslimske hordane til sultan Mehmet II. Det er i samband med denne katastrofen me bør skjøna det andre Dufay-verket på albumet, Missa L’Homme armé, messa med den populære visa «Den væpna mannen».
I dag kjenner nok dei færraste til denne melodien. Men lyttar me nøye etter, finn me han att i «lange notar» (på fagspråket: i høge noteverdiar), voven inn i Dufays intrikate kontrapunktikk. For å gjera L’Homme armé-melodien ekstra markant har dei dyktige musikarane i Cantica Symphonia også dobla han med trompet.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.