JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Vantar kontrastar

Eit spesielt instrument er ikkje nok for å gjera musiseringa interessant.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Michael Schönheit spelar på eit John Broadwood & Sons-hammarklaver frå 1805.

Foto: Bonhams

3136
20220318
3136
20220318

CD

C.P.E. Bach, Lambo, Doles, Hiller, Schmidlin, Knecht, Beethoven:

Eine Liederreise

Gotthold Schwarz, baryton; Michael Schönheit, hammarklaver. Carus 2022

Då barytonen Gotthold Schwarz pensjonerte seg frå kantorstillinga ved Thomas-kyrkja i Leipzig i fjor, var det som den 17. thomaskantoren etter J.S. Bach. På albumet Eine Liederreise blir Schwarz akkompagnert av ein annan rangsperson i Leipzigs musikkliv: Michael Schönheit, som er organisten til Gewandhausorchester, eit av Tysklands beste symfoniorkester.

Schönheit nyttar eit vakkert instrument, eit hammarflygel bygt i London i 1805 av John Broadwood & Sons. Det skil seg frå moderne konsertflygel gjennom lunare klang og litt metallisk lyd i anslaget. Men eit spesielt instrument er sjølvsagt ikkje nok for å gjera musiseringa interessant. Sjeldan maktar Schönheit å utnytta det klanglege potensialet i klaveret, for både dynamikk og artikulasjon vantar kontrastar. Han er ein god organist; eg har sjølv høyrt han live fleire gonger. Problemet er berre at han spelar som ein organist på flygelet.

Når det gjeld Schwarz, har han nok dei beste åra bak seg som songar. For ofte tyr han til djup vibrato for å stabilisera tonen. Men krafta i deklamasjonen er gripande, noko som gjer han verd å lytta til, særleg i dette repertoaret.

Fellesnemnaren

Albumet er i og for seg interessant. Ikkje ein komponist, men ein diktar utgjer her fellesnemnaren: Christian Fürchtegott Gellert (1715–1769), poeten, opplysningstidsfilosofen og professoren ved Universitetet i Leipzig som i 1757 gav ut Geistliche Lieder und Oden. Denne populære diktsamlinga, som freistar å sameina kristne tankar med opplysingstidas idear, blei tonesett av mange komponistar. Berre to av dei sju komponistane på plata er verkeleg kjende: J.S. Bachs son Carl Philipp Emmanuel Bach (1714–1788) og Ludwig van Beethoven (1770–1827).

Son til far sin

I songsamlinga si frå 1758 nyttar C.P.E. Bach eit vidt spekter av kjensleuttrykk som utdjupar det særmerkte ved poesien: det oppglødd skjønne i «Die Liebe des Nächsten» («Nestekjærleiken»), det trygge og trøystande i «Vom Tode» («Om døden») og det verdig storfelte i «Die Ehre Gottes aus der Natur» («Guds ære gjennom naturen»). Den drivande, mest barokke basslina i sistnemnde song minner oss om at han var son til far sin.

C.P.E. Bach gjorde stor suksess med Gellert-songane, som kom i fem opplag. Stolt sendte han dei til diktaren. Men Gellert var misnøgd – av di han ikkje greidde å synga dei sjølv. Komposisjonane var for vanskelege for amatørar, og det streid mot opplysingstidas musikalske estetikk om det enkle og lettfattelege.

Men musikkhistoria var på C.P.E. Bachs side. Gellert skulle berre ha høyrt Beethovens tonesetjingar i Sechs Lieder von Gellert, op. 48, som kom i 1802, over tretti år etter diktarens død. Her overgår tonane stundom orda – det er som om poesien ikkje lenger er ein føresetnad for musikken, men eit middel for å få fram det musikalske.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis