Musikk

VandrarenDet har gått seks år sidan sist Cat Power gav ut eit album.RockCat Power: WandererDomino/Playground

Det har gått seks år sidan sist Cat Power gav ut eit album.

Cat Power bytte plateselskap etter å ha blitt beden om å høyrast meir ut som Adele.
Cat Power bytte plateselskap etter å ha blitt beden om å høyrast meir ut som Adele.
Publisert

«Let me tell you a story about Black», heiter det i dei første verselinene i det sjuande sporet på Cat Powers ferske album Wanderer, som kjem ut i dag.

I forteljinga som følgjer, lurer dødsengelen i skuggane, og det er vanskeleg å høyre «Black» utan å tenkje at songen har røter i ein nordamerikansk musikktradisjon som strekkjer seg langt bakanfor musikkindustriens framvekst, til ei tid då ord og tone vart delte mellom menneske som møtte kvarandre andlet til andlet over det myteomspunne leirbålet.

Det er eit terreng denne trubaduren har vore i før. Charlyn Marie, eller «Chan», Marshall kalla det første bandet sitt Cat Power, men gjorde det etter kvart om til artistnamnet sitt. Ho vart fødd i Atlanta i 1972 og vaks opp her og der i dei amerikanske sørstatane. Karrieren skaut fart då ho for 22 år sidan signerte den første kontrakten med plateselskapet Matador, og somme lesarar vil nok kjenne sentrale utgivingar som Moon Pix (1998), You Are Free (2003) og The Greatest (2006).

Tradisjonsforankra

Frå første stund har Cat Powers musikk vore djupt forankra i tradisjonen, og både The Covers Record (2000) og oppfølgjaren Jukebox (2008) viste henne som ein stilsikker tolkar og fornyar av andre sine songar. Tidleg på 2000-talet vart ho premissleverandør for ein revitalisert americana, noko som ikkje minst var tydeleg då ho dukka opp i filmen Searching for the Wrong-Eyed Jesus (Andrew Douglas, 2003).

Kanskje var det ein slik jordnær estetikk som gjorde at eg aldri fekk taket på den poporienterte Sun (2012), som førte Cat Power ut av bakvegane i the South og inn på Billboard-lista.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement