Musikk

Vakrare vert det ikkje

Glimmer er glimrande.

Nils Økland og Sigbjørn Apeland har arbeidd saman i meir enn 30 år.
Nils Økland og Sigbjørn Apeland har arbeidd saman i meir enn 30 år.
Publisert

Spelemannen Nils Økland og organisten Sigbjørn Apeland har jobba saman i meir enn 30 år, og i løpet av desse åra har dei forska på den vestlandske folkemusikken dei har funne på Haugalandet. Men samstundes har dei, i staden for berre å gjera dei gamle låtane slik dei blei gjorde tidlegare, sett musikken inn i ein større samanheng, der improvisasjon har vore eit viktig element.

Og på Glimmer får me 15 døme på korleis dei på ein framifrå måte gjer denne folkemusikken aktuell ved hjelp av improvisasjon. Dei startar med «Skynd deg, skynd deg», ein nydeleg, tradisjonell låt etter Tor Eikheim frå Etne, medan andresporet, «Gråt ikke søte pike» er etter Kirsten Bråten Berg og Hulda Johansen, er ei vise så vakker at ein kan grina.

Øklands hardingfelespel er nesten ute av denne verda, og med Apelands mørke orgelspel blir dette ei melankolsk, mørk og fantastisk framføring. «Valevåg» er laga av Apeland til ein film om Lars Hertervig, og framføringa er nydeleg.

Så får med den guddommeleg vakre «O du min Immanuel» i ein versjon etter Inger Frøvik frå Imsland, (me får også ein annan versjon mot slutten av albumet). Heile vegen er musikken prega av melankolien, og med Øklands «Glimmer» som han gjer solo, får me også den moderne improvisasjonen.

Og gjennom dei 15 låtane får me ei samling himmelsk musikk, gjord med enkle middel, som smyg seg inn i sjela til lydaren på eit vis ikkje så mange andre greier.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement