Musikk
Vakkert og dystert
Tord Gustavsen brukar studiokvalitetane for alt dei er verde.
Den femte trioplata til Tord Gustavsen er ein sterk oppfølgjar til utgjevinga for fire år sidan, The Other Side. Også på denne plata kombinerer han eigne låtar med tolking av nokre klassikarar. I 2018 var det Bach og Lindeman, på Opening er Tveitt og Hovland i tillegg til «Visa från Rättvik», gjort udøyeleg av Jan Johanson, men her ein outro til låten «Findings».
Låtane til Gustavsen står seg i det sterke selskapet. Best er han i dei enkle og melodiøse «The Circle» og «The Shepperd Song». «The Longing» vert litt føreseieleg.
Musikken er spelt inn i det vidgjetne kringkastingsstudioet i Lugano Auditorio Stelio Molo. Det er tydelegvis eitt av favorittstudioa til Mannfred Eicher, og sjeldan høyrer ein ei innspeling som lener seg så mykje på kvalitetane studioet har å by på.
Kombinasjonen av studioklangen og bruken av elektronikk av både Gustavsen og Raknes er eit særmerke ved innspelinga. På «Ritual» er elektronisk manipulert strykebass og ditto manipulert klaverklang i det djupe registeret kombinert med den mektige studioklangen med på å skapa eit nærast brutalt dystert musikalsk uttrykk. Raknes brukar med hell bogen også på «Helensburg Tango» og «Re-Opening», men ikkje like brutalt vakkert som på «Ritual».
Jarle Vespestad har vore samarbeidspartnar med Gustavsen heilt frå byrjinga av triokarrieren i 2003. Han leverer på sedvanleg vis sparsamt, stødig spel med utsøkt sans for cymbalklangar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.