Musikk

Utkrope oratorium

Johann Matthesons Joseph syner artige kompositoriske påfunn.

Faraoen gjev ringen sin til Josef. Måleri av italienaren G.B. Tiepolo (1696–1770).
Faraoen gjev ringen sin til Josef. Måleri av italienaren G.B. Tiepolo (1696–1770).
Publisert Sist oppdatert

Georg von Bertouch, generalkrigskommissæren på Akershus festning i fyrste helvta av 1700-talet, var ikkje berre soldat, men òg ein gentilhomme med sans for det musiske – særleg musikken. Frå stadsmusikant Meyer i Bergen fekk han tilsendt ein forvitneleg rapport om noko som hadde gått føre seg i Fana julaftan 1695, der underjordiske hadde spelt opp til dans. Meyer, som opplevde dette i ungdomen, hadde notert ned desse underjordiske tonane etter minnet.

Sjølv om det visstnok hadde vore ein del brennevin involvert («for det var særs kaldt» i Fana den kvelden, skriv Meyer), tok von Bertouch saka på alvor og vidaresende Meyers rapport til Hamburg – til musikkdirektøren der, Mattheson, som var samtidas største tyske musikkteoretikar. Denne gav så i 1740 ut skriftet Das unterirdische Klippenconcert in Norwegen («Den underjordiske klippekonserten i Noreg»), som inneheldt notane Meyer hadde notert ned.

Mattheson skulle slik skriva seg inn i den norske musikkhistoria. Dette var nemleg fyrste gongen norsk folkemusikk kom på prent – nærare bestemt ein halling, truleg for hardingfele.

Ypparlege ensemble

I den tyske musikkhistoria er Johann Mattheson (1681–1764) fyrst og fremst kjend som skribent. Men han var òg ein produktiv komponist. Vokalgruppa Ensemble Paulinum og barokkorkesteret Pulchra Musica, som begge er framifrå, lanserer no ein verdspremie på CD: Oratoriet Joseph, som Mattheson urframførte i Hamburg i 1727.

Librettoen byggjer på den gamaltestamentlege soga om Josef, som var sanndrøymd og kunne tyda draumar. Sidan han blei favorisert av faren, selde dei elleve sjalu brørne hans han som slave. I Egypt hamna han i fengsel, men etter å ha tolka faraoens draumar og slik redda landet frå svoltkatastrofe, avanserte han til toppen av maktpyramiden. Brørne flykta seinare til Egypt, der dei blei forlikte med Josef.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement