Utforskinga held fram
Frode Haltli tek Avant Folk-konseptet eit steg vidare.
Frode Haltli har komponert alle låtane på albumet.
Foto: Rolf Schoellkopf
Jazz / Folkemusikk / Samtidsmusikk
Frode Haltli Avant Folk:
Triptyk
Frode Haltli, akkordeon; Erlend Apneseth, hardingfele; Hans P. Kjorstad, fele; Rolf-Erik Nystrøm, saksofonar; Hildegunn Øiseth, trompet, bukkehorn og vokal; Ståle Storløkken, hammondorgel and synthesizer; Juhani Silvola, gitar; Oddrun Lilja Jonsdottir, gitar og vokal; Fredrik Luhr Dietrichson, bass; Per Oddvar Johansen, trommer; Helga Myhr, vokal (2), Ole Morten Vågan (5,6), bass; Veslemøy Narvesen, trommer (3). Jazzland Recordings
Frode Haltli er blitt ein slager på ymse festivalar etter at han lanserte konseptet/bandet Avant folk på Hubro i 2018. Oppfølgjaren Avant Folk II (Hubro, 2021) har ikkje minska interessa. Besetninga har vore stabil. Ved dette leitet er er den viktigaste endringa at Per Oddvar Johansen har teke over trommene etter Siv Øyunn Kjenstad.
Haltli har skrive dei seks låtane, medan arrangementa er kollektivt arbeidd fram i studioet. Høgdepunkta på plata er låtane «Pillar» og tittellåten «Triptyk», og desse to låtane utgjer meir enn helvta av speletida på plata.
«Pillar» er den mest komplekse komposisjonen innleidd med det karakteristiske temaet og ein gneistrande saksofonsolo. Knapt midtvegs blir det heile teke ned med lyriske trompetlinjer.
Låten vender attende til hovudtemaet etter at Silvola har servert fascinerande japansk koto-liknande gitarspel. Storløkkens hammondlinjer rundt og på kryss og tvers av temaet gjev låten eit enormt løft. Det heile tonar ut i eit kort parti sfæriske klangar.
Tittellåten «Triptyk» oppsummerer den trebeinte musikalske ståstaden – jazz, folkemusikk og samtidsmusikk – til Haltli.
Tittelen på låten kan likvel fullt peika på det enkle faktumet at det er tre solistar (dei to gitaristane og Haltli) som løfter denne komposisjonen til det høgdepunktet det er, og sjølve rosina i pølsa er koret til Lilja Jonsdottir. Briljant spelt!
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.