Utan «ismar»
Engegårdkvartetten spelar finsk samtidsmusikk med historisk blikk.
Olli Mustonen er fødd i 1967.
Foto: Heikki Tuuli
CD
Olli Mustonen:
String Quartet No. 1; Piano Quartet
Engegårdkvartetten; Olli mustonen, klaver. LAWO 2022
Olli Mustonen heiter ein finsk pianist, komponist og dirigent. Bråmogen må han ha vore, for som femåring byrja han å spela cembalo (ein uvanleg start – dei fleste byrjar med moderne klaver). Samstundes tok han fatt på komponeringa, og som 13-åring blei han elev av Einojuhani Rautavaara (1928–2016), Finlands største komponist etter Jean Sibelius. Rautavaara hadde i slutten av 1960-åra eit oppgjer med den musikalske avantgardismen. «Eg var skuffa av serialismens anemiske mainstream, eg ville attende til det ekspressive og klangfulle», sa han i samband med den fyrste klaverkonserten sin.
Saftige klangar høyrer me òg i dei to Mustonen-verka som Engegårdkvartetten tolkar på den nye plata si, nemleg Strykekvartett nr. 1 frå 2016 og Klaverkvintett frå 2014. I kvintetten medverkar Mustonen sjølv. Han er ein habil utøvar. Dei som vil høyra ei fin innspeling av Sibelus’ klaververk, til dømes, kan skaffa seg albumet Mustonen Plays Sibelus, som kom på plateselskapet Ondine i 2002.
Kvartett
Mustonen soknar medvite ikkje til ein spesiell kompositorisk skule eller «isme». Strykekvartetten, eit tingingsverk for Engegårdkvartetten, er ei reise gjennom ulike uttrykk og stilar.
Stykket som heilskap blir av komponisten skildra som «ei ferd frå mørkeret til ljoset». Dette er ein kjend modell for musikalsk utvikling. Erkeeksemplet er Beethovens femte symfoni, «Lagnadssymfonien».
Opninga av fyrstesatsen kling som ein krise, med dissonerande, hamrande akkordar i heile ensemblet, før bratsjen tek over med ein instrumental klagesong som ebbar ut i bivrande stillstand i pianissimo. I den stutte andresatsen er krafta kanalisert av vilje og retning, med eit uttrykk som minner om russisk barbarisme à la Stravinskijs Vårofferet.
Med den innettervende tredjesatsen, den sterkaste i stykket, lysnar det. Også denne har russisk let, men av den hymniske sorten, som er karakteristisk for korsongen i austkyrkja. Engegårdkvartetten spelar her på sitt beste. Dei vibratofrie akkordane gjer at dissonansane mot slutten får ekstra sterk verknad. I den rytmisk aggressive finalesatsen, «all’Ungharese», er komponisten open om inspirasjonen sin: Mustonen hyllar her sin musikalske helt, ungararen Béla Bartók.
Kvintett
Austkyrkja er alt nemnd. I klaverkvintetten har Mustonen late seg inspirera av ein roman om Det bysantinske rikets siste månadar (før tyrkarane hærtok Konstantinopel i 1453). Dette verket er meir tonalt enn det førre, altså meir tradisjonelt i tonespråket. Klangen er stundom romantisk, men i den sentrale andresatsen går formspråket lenger attende i musikksoga, til renessansens og barokkens polyfone komposisjonsteknikk.
For lyttarar som framleis ikkje har late seg overtyda om Mustonens kompositoriske handverk, tener nok denne satsen som endeleg stadfesting.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.
Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.
Foto: Andreas Roksvåg
Syltynt
E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.