Musikk

Ut i vår hage

Siv Jakobsen gir ut tredjeplata i to porsjonar.

Siv Jakobsen har fordelt det neste albumet på to utgjevingar.
Siv Jakobsen har fordelt det neste albumet på to utgjevingar.
Publisert

Brått kan det ha seg slik her i livet at ein vert trøytt av å kjenne seg liten, og alskens livsmotto om styrke får ein hol klang – ei kjensle som er skildra presist i «Small», opningssporet på Siv Jakobsens Gardening pt. 1, som er ute i dag. Utgivinga byr på eit lite knippe songar som i utstrekning og speletid kan minne litt om ei plateside, og det er ikkje heilt feil, for dette er første halvdel av artistens tredje studioalbum – andre del kjem på nyåret ein gong.

Lågmælt

Den fine ironien er sjølvsagt at nett ein song som «Small» i seg sjølv er eigna til å løfte ein og annan lyttar som har ein røff dag. Jakobsen lagar finslipt, velprodusert lågmælt musikk av det kjenslevare, kviskrande slaget. Det finst jo slikt frå før, men samstundes vil det også alltid vere behov for meir. Ein kan trekkje mange liner bakover frå Gardening, og ei av dei kunne gått til ei utgiving som Stina Nordenstams And She Closed Her Eyes (1994): Det dreier seg om kammerpop med tekstleg kompleksitet, som for somme lyttarar kan ha terapeutisk kraft, avhengig av kva for vegkryss dei står ved her i livet.

Er du utstyrt med grøne fingrar og no endeleg ser fram til det store konseptalbumet om hagebruk, skal eg difor vere den første til å åtvare deg, for ikkje overraskande peikar platetittelen mot det Jakobsen sjølv i eit presseskriv kallar «emosjonelt hagearbeid». Det kjem fram i materialet frå selskapet at fleire av songane på Gardening peikar tilbake på ein relasjon som har vore vanskeleg, og det er det heller ikkje vanskeleg å høyre, om du slepper tekstane og orda inn når du lyttar (eit sterkt døme finst i «Romain’s Place»). «I want to know what it feels like to be alone without you in my mind», heiter det i «Most of the Time», for vert ein nokon gong heilt fri, så lenge fortida når som helst kan innhente ein i tankane?

Fine detaljar

Slike spørsmål reiser dette albumet utan at det vert seigt og traudig. Sjølv om bagasjen er tung, er det mildt og mjukt å lytte til Gardening, som også er utstyrt med heilt nydeleg, elegant orkestrering, og ei heil rekkje fine detaljar i så måte, anten det no er trompeten der i bakgrunnen på «Romain’s Place» eller den elegante codaen som følgjer «Bad by Design» som i ein ettertanke.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement