Musikk

Ut av apatien

Somme songar rommar heile univers, trass i at dei berre varer i nokre få minutt.

Det nye albumet til Ingeborg Oktober kjem ut i dag.
Det nye albumet til Ingeborg Oktober kjem ut i dag.
Publisert

Rock

Då eg gjekk gjennom ein park for litt sidan, ein av desse morgonane etter ein av desse pressekonferansane, hadde eg Ingeborg Oktobers nye album 2018 på øyra og vart slegen av kor nedtrykte alle eg møtte på, såg ut, dei hadde liksom noko så samansokke og inneslutta over seg.

Eg er for feig til å gjere det, og det høyrer vel kanskje uansett heime i ein spelefilm, men det klaffa slik at eg var på veg rett inn i det mektige sluttpartiet på 2018, der låten «100 år» vert følgd av «Snart», som så munnar ut i «Outro», og fekk lyst til å stoppe kvar og ein i min veg, låne dei øyreproppane og seie: Høyr, her har du nokre styrkedropar.

Trigger warning

2018 sirklar inn ei tung tid, tapet av ein annan og eit mogleg tap av seg sjølv, men peikar også mot noko nytt i andre enden, uttrykt med særleg styrke på oppløpet på albumet. Oktober brukar røysta si til å syngje ut både det tandre og gjennomsiktige, men også ei tilkjempa livskraft, som heldigvis får siste ordet. Du er ikkje laga av glas, heiter det i «Snart», ein godnattsong som munnar ut i ein New Orleans-parade, slik Tom Waits gjorde det på Rain Dogs (1985). Eg hadde teksten til «Anywhere You Lay Your Head» hengjande over senga mi i store delar av tjueåra, og ser ikkje bort frå at Oktobers song vil spele same rolla for ein del lyttarar framover. Albumet er produsert av Oktober sjølv, i samarbeid med Anne Lise Frøkedal, og uttrykket er meir variert enn før, med nokre råe, meir rocka låtar, som viser artisten frå ei spennande, ny side.

Tilfellet vil ha det til at eg har gått og lytta til 2018 og Aoife O’Donovans nye Age of Apathy om kvarandre, og slik vorte styrkt i den uendelege pandemivinteren av to trubadurar som brukar det nære som råstoff, men likevel maktar å løfte blikket utover eit stort landskap. O’Donovan er fødd eit dusin år før Oktober, og er på somme vis for veteran å rekne, men begge er dei kjenneteikna av viktige kvalitetar som låtskrivarar, nemleg at dei meistrar den vanskelege kunsten det er å få til mykje med lite.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement