Musikk
Urpremiere
Sjølv om det største verket denne kvelden skuffa, var konserten til Mogens Dahl Kammerkor ei minneverdig oppleving.
Bergensaren Amalie Stalheim spelte med stor profesjonalitet.
Foto: Thor Brødreskift / Festspillene i Bergen
Ein lågmælt hornfanfare opna konserten med danske Mogens Dahl Kammerkor: Nocturne, spelt av komponisten David M.A.P. Palmquist (fødd 1979) frå galleriet lengst bak i den venerable mellomalderlege steinhallen som stod ferdig til Magnus Lagabøtes bryllaup i 1261. Verknaden var vedunderleg. Det er noko djupt romantisk over slik solomusikk for horn, særleg når han blir spelt i piano i det høgste registeret. Akustikken i steinhallen forsterka dette inntrykket.
Konserten blei også avslutta med horn, i Per Gunnar Peterssons (fødd 1954) Aftonland for kor, mezzosopran solo og horn (1989), som er komponert over eksistensiell poesi av den svenske nobelprisvinnaren Pär Lagerkvist. Sterkast var vel dei to siste delane av det firdelte verket. I tredje delen, som opnar med verselinene «En gång skall du vara en av dem/ som levat for längesen», brettar stemmene seg ut i rolege dissonansar, som koret song med presis intonasjon og varm klang. Og så var det den makelause opninga av siste delen med verselina «Allting finns, blott jag ej längre finnes», der koret deler seg i låge mannsrøyster og høge kvinnerøyster. Harmoniane kviler liksom i seg sjølv.
Urpremieren
Kormusikk med soloinstrument fekk me også i Year of our Burning (2021), då med cellosolo. Dette tingingsverket for Festspillene, som her hadde urpremiere, er skrive av Missy Mazzoli (fødd 1980) – ein av fleire komposisjonar under årets festspel som tematiserer livet i ei nedstengd verd.
Mazzoli eksperimenterer med ulike oppstillingar av koret, noko som fører både klanglege og visuelle effektar med seg. Instrumentalstemma blei spelt med stor profesjonalitet av den unge bergenske cellisten Amalie Stalheim. Den tekniske presisjonen hennar kunne ikkje vore betre; sjeldan har eg opplevd eit korverk der eit einskilt soloinstrument blandar seg så godt med vokalstemmene.
Stalheim hadde òg eit solonummer, med dansesatsar frå Johann Sebastian Bachs (1685–1750) Cellosuite nr. 3 i C-dur, BWV 1009. Ho fekk til den balansen som er så viktig i denne typen franskinspirert barokkmusikk: For å gje plastisk liv til frasane lyt det vera ein viss rubato, altså fleksibelt tempo, men berre på mikronivå. Hovudslaga i takten må spelast regelmessig, for dette er trass alt stilisert dansemusikk. Utan ein viss stringens ville dansaren ha snubla.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.