Musikk

Ung musikk i vakre rom

Musikarane og publikum sat i ulike rom.
Musikarane og publikum sat i ulike rom.
Publisert

Festivalsjef Andreas Risanger Meland har ein ambisjon om å nytta spesielle og vakre rom som formidlingsarenaer. Dei har ein del å velja i også i Haugesund.

Dobbelkonserten med Anja Lauvdal og Kongle Trio var lagd til Wrangellhuset. Skipsreiar og den første stortingsrepresentanten frå Haugesund, Håkon Magne Waldemar Wrangell, bygde dette huset i 1890-åra. No er det ein del av Haugalandmuseet.

Huset er vakkert, men ikkje spesielt funksjonelt som konsertarena. Med eit publikum på om lag eit dusin gjekk det greitt, men å ha artisten sitjande i éi stove og publikum i ei anna byr på utfordringar, for å seia det varsamt.

Lauvdal spelte ein halv time med utgangspunkt i elektroniske loopar som ho seinare nytta som underlag til og i dialog med pianoet. Ho hadde nok meir på lager, men solosettet var eit fint oppspel til Kongle Trio.

Denne trioen har på kort tid skapt seg eit namn. Dei er med i talentkonkurransen Jazzintro og blir booka til dei fleste jazzfestivalane her til lands. Det er forståeleg, for Liv Andrea Hauge (piano), Øystein Skjelstad Østensen (bass) og Veslemøy Narvesen (trommer) har ei tilnærming til musiseringa som osar av spontanitet og kreativitet.

Dei er tydeleg inspirerte av trioen Moskus, men har alt opparbeidd seg eit markant særpreg. Dei går lett og ledig frå friimpro til vakker jazzvals med Narvesen på sag og Østensen på bogebass, til ein slepen groove der Narvesen går føre i beste Tony Williams-stil. Denne trioen har mykje ugjort.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement