Musikk

Underleg groteske

Sergej Prokofjevs kvintett vekslar mellom sirkus og sorg.

Australsk-norske Marion Walker er obosolist med Ernst Ensemble.
Australsk-norske Marion Walker er obosolist med Ernst Ensemble.
Publisert Sist oppdatert

Russiske Sergej Prokofjevs (1891–1953) Kvintett i g-moll, op. 39, er ein fin liten groteske. Rytmikken er alvorsamt insisterande den eine staden, skjemtfull og leikande den andre. Melodisk er han også interessant, med lange frasar der ornamenta kling mest overdrive pedantiske. I det heile er det noko karikert og sirkusaktig ved stykket, for temperamenta skiftar støtt. Det sprudlar av idear, men Prokofjev rår så suverent over komposisjonshandverket at alt flyt naturleg og lett.

Ensemblet på plata Fire Walker, som blir leidd av oboisten Marion Walker, handterer Prokofjevs skiftefulle partitur godt. Det er flyt i framføringa; musikarane bind dei mange kompositoriske innfalla fint saman, med rytmisk stringens der det trengst. Litt teknisk slark er det, men dette gjer berre framføringa meir sympatisk og levande.

Ukonvensjonell

Kvintetten blei til for nøyaktig hundre år sidan – i Paris, som hyste mange russiske kunstnarar i eksil frå det revolusjonsråka heimlandet. Det var opphaveleg eit tingingsverk frå eit lite ballettkompani leidd av Boris Romanov, ein annan russar i eksil. Balletten, kalla Trapèze, er gått tapt. Men Prokofjev omarbeidde altså verket til kammermusikk, og i denne forma fungerer musikken strålande.

Dette er elles Prokofjev på sitt mest avantgardistiske. (Då komponisten i 1936 flytte heim til Sovjetunionen, modererte han uttrykket sitt kraftig, i tråd med Stalin-tidas krav til meir lettfatteleg «sosialistisk realisme» i musikken.) Ukonvensjonell er også besetninga, med obo, klarinett, fiolin, bratsj og kontrabass. Særleg godt likar eg opningssatsen, der oboen og klarinetten presenterer sitt snirklete melodiske tema, akkompagnert av taktfaste strykarar. Andresatsen byrjar overraskande, med ein salmeaktig kontrabass-solo. (Er det berre eg som får assosiasjonar til Luther-salmen «Vår Gud han er så fast ei borg» i forvrengd versjon?) Klovneri dominerer tredjesatsen. Her er det lett å førestilla seg korleis dansarane i balletten må ha tedd seg på scena.

GamMalengelsk eld

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement