Musikk

Under Nysetmånen

Stein Torleif Bjella er ein travel mann, men det går ikkje utover kvaliteten på musikken.

Stein Torleif Bjella skal turnere i tillegg til å stå på scena på Det Norske Teatret i haust.
Stein Torleif Bjella skal turnere i tillegg til å stå på scena på Det Norske Teatret i haust.
Publisert

«Finst det folk du har kjent/ som du forlengst har fortrengt», syng Stein Torleif Bjella i «Koden knekt», opningslåten på det nye albumet Nysetmåne. Om det er tilfelle, kan det vere songane på det nye albumet får deg til å tenkje på menneske du ikkje har hatt i tankane på ei stund.

Bjella er ein meister på karakterteikningar i kortformat. Eg trur mange lyttarar vil kjenne att onkelen i «Onkel» og livshistoria som der vert teikna opp i grove, men tydelege liner, eit liv vi aldri kan meir enn å gløtte inn i. Det same gjeld forteljaren i «Kompleksitet», som fortel mykje om seg sjølv i kraft av måten han uttrykkjer si eiga sjølvforståing på. Dette er tilfellet også for «Hallingdal er ei øy», som er ei slags programerklæring for den urokkelege, den som held seg unna den risikoen som er involvert i å knyte seg til eit anna menneske: «No ligg e vakjin og tenkji hardt/ om e ska våge å ta kontakt/ kjem alder te og skje/ e ska vere her e er.»

Hardt og mjukt

Dette hardbarka individet kjenner vi godt frå Bjellas univers, men Nysetmåne byr også på ei tilkjempa tiltru til romantikken, som i det nydelege, avsluttande tittelsporet, med sine ekko frå dylanske stjerneskot («Shooting Star», 1989) og youngske haustmånar («Harvest Moon», 1992), eller i den hudlause lengten som kjem til uttrykk i ein song som «Treng deg no».

Hos Bjella er livet både hardt og mjukt, bittert og søtt, kaldt og varmt.

I eit eller anna intervju eg kom over for nokre år sidan, nemnde Bjella musikken til J.J. Cale som ein vedvarande inspirasjon, og det er eit namn eg kjem til å tenkje på tidt og ofte når eg lyttar til det gitarbaserte, tilbakelente uttrykket på Nysetmåne. Det er som det skal vere. Bjella-gemyttet liknar Cale-gemyttet. Geir Sundstøl (gitar, steelgitar, mandolin) spelar nok ein gong ei viktig rolle, og musikarane som er med, utgjer eit aldri så lite kremlag. Eg likar lyden av dette albumet, røysta til Bjella, dei rufsete blåtonane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement