Musikk

Ukjend Orfeus

Hjå Pergolesi er der stadig noko nytt under sola.

CD

Giovanni Battista Pergolesi:

Cantatas and Concertos

Mvscia Perdvita; cello og leiing: Renato Criscuolo. Brilliant 2018

Innspelinga av det langt på veg ukjende livsverket til Giovanni Battista Pergolesi (1710–1736) skrid fram i stadig aukande tempo. Og bra er det – eg frydar meg for kvar ny sonate, kantate, konsert eller opera som kjem meg for øyro frå dette italienske vedunderbarnet, som rakk å komponera uhorveleg mykje før han anda ut som 26-åring. Denne gongen er det det italienske ensemblet Mvscia Perdvita som gjev oss verdspremierar på CD: tre verdslege solokantatar for songsolist, strykarar og basso continuo, som er oppdaga i eit klosterarkiv i mellomalderbyen Assisi i Italia.

Den fyrste kantaten, Nel chiuso centro, har musikken sjølv som tema. Her får me høyra om Orfeus, son til Apollon, som makta å temja ville dyr og flytta tre og steinar med songen sin, og som jamvel fekk makt over Pluto, herskaren over dødsriket, slik at han kunne henta den døde kjærasten sin Eurydike opp or underverda.

Pergolesis vedunderleg lette orkestertekstur og galant ukunstla melodiar, dei som gjer han til ein overgangsfigur mellom barokken og klassisismen, skimtar mot oss i fyrste arien «Euridice dove sei?». Meir eld er det i den omskiftelege, operaaktige arien «O d’Euridice», som har nokre spanande rytmiske parti. Tidvis er det nemleg som om bassgruppa og baryton-solisten Mauro Borgiono syng i ulike taktartar, noko som minner om tango.

Både instrumentalistane og songsolistane er gode. Det einaste som irriterer, er at librettoen, altså songtekstane, berre står på italiensk i omslagsheftet til CD-en. Dei av oss som ikkje er stødige i Pergolesis morsmål, går difor glipp av viktige poeng i denne tekstnære musikken.