JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Tyggispopen vrengjer sjela

Keshas serverer ei underleg blanding av eksperimentell elektropop og psykedelisk gospel på Gag Order.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1897
20230526
1897
20230526

Pop

Kesha:

Gag Order

RCA / Kemosabe

Gag Order er den amerikanske popartisten Keshas femte studioalbum. Musikken blei skriven i covid-19-isolasjon og er laga i samarbeid med veteranprodusenten Rick Rubin, som har jobba med eit vell av kjente artistar innan vidt forskjellige sjangrar. Nokre døme: Public Enemy, Run DMC, Aerosmith, Metallica og Johnny Cash.

Albumet er ei eklektisk, personleg og sjenerøs handsaming av vanskelege kjensler som angst, depresjon, aggresjon og sorg. Spor etter Keshas karakteristiske uttrykk er å høyre i mangt eit medrivande riff og songbare melodiline, men tyggispopstilen har blitt lagt til sides til fordel for eit meir mangefasettert og sårt uttrykk.

Her syng Kesha i gospelkor med seg sjølv, og polymetriske vokalostinat ligg i lag etter lag over tunge basstrommer, kjenslevare kassegitarar, TV-spel-aktige synthliner og eksperimentelle komposisjonar kring samplingar av åndelege guruar. Albumet syner at ho har eit langt større register som songar, låtskrivar, arrangør og lyrikar enn iallfall underteikna har vore klar over.

Kesha har fortalt i minst to intervju at Gag Order til dels blei til i kjølvatnet av ei spontan åndeleg oppvakning, som skjedde då katten hennar kom spradande med hovudtelefonar i munnen og slengde dei i fanget hennar som for å seie at det var på tide å meditere. I same handvending har ho sagt at grensa mellom å vere opplyst og sprø er hårfin.

Plata er prega av ein underleg og mangefasettert ubalansegang inn i og mogelegvis gjennom ambivalensen som rett som det er pregar den menneskelege opplevinga. Dette er eit snålt, sårt og fengjande døme på at popmusikken har blitt djupare og meir ærleg etter pandemi. Trur eg.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

USA var landet der den globale auken i fedme tok til for alvor. Nord-Amerika utgjer i dag halve marknaden for vektreduksjonsmidla til Novo Nordisk.

Foto: Mark Lennihan / AP / NTB

HelseSamfunn

Store pengar i tomme magar

Verda er villig til å betale mange milliardar for å misse matlysta.

Per Anders Todal

Tyskland og Frankrike leiar saman luftvernkoalisjonen for å støtte Ukraina. Men Tysklands forsvarsminister Boris Pistorius (t.v) har ikkje fått med seg Frankrike på sitt initiativ for å investere i felles europeisk luftvern til eige territorium. Biletet syner Pistorius og Ukrainas president Volodymyr Zelensky i Tyskland, der ukrainske soldatar vert trente i å bruke det amerikanske langtrekkande luftvernsystemet Patriot.

Foto: Jens Buttner / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Den innvortes forsvarskampen

Arbeidet med eit felles luftvernsystem over Europa
vert avgrensa av nasjonale industrielle omsyn.

Kong Harald tok i audiens imot Eirik Kristoffersen på Slottet for å tildela han Krigskorset  i 2011.

Foto: Lise Åserud / NTB

KommentarSamfunn
Morten A. Strøksnes

Baksida av medaljen

Forsvaret og forsvarssjefen har måla seg inn i eit hjørne. Dei nekta for at dei visste at feil mann blei tatt. Så påstår dei at mannen dei tok, uansett må ha vore ein Taliban-leiar.

Når Billy (Vic Carmen Sonne) og Nilo (Silvana Imam) møtest, blir det kjærleik ved første blikk.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Eksplosjonar i hovudet

Ein har ikkje vondt av å utfordra tankemønstera sine, særleg ikkje når det er underhaldande i tillegg.

Vivienne (Vicky Krieps) innleier eit forhold til danske Holger (Viggo Mortensen) i det vestlege USA i 1860-åra.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Vicky + Viggo

Vicky Krieps slår Viggo Mortensen i den romantiske westernen hans.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis