Tung rock med lyrisk tilsnitt.
Punk-jazz-avant-rock
THE TRONOSONIC EXPERIENCE
The Tronosonic Experience
Ole Jørgen Bardal, saksofonar; Øyvind Nypan, gitarar; Per Harald Ottesen, bass: Ivar Loe Bjørnstad, trommer. LOSEN RECORDS LOS 174-2
Sjølv om alle musikarane i The Tronosonic Experience er kjende frå ulike konstellasjonar i grenselandet jazz/rock, er kvartetten relativ fersk, og musikken er spelt inn så seint som ved juletider i fjor i Ocean Sound Recordings på Giske. Dei har spelt inn ein god halvtime musikk fordelt på sju komposisjonar, der bassist Per Harald Ottesen står for seks av dei. «Maelstrom» er komponert på fellesen første dag i studio.
I vaskesetelen kallar bandet musikken «punk-jazz-avant-rock». Det er langt meir rock enn jazz. Sjølv om musikken kan vera både tung og dyster, er han gjennomgåande melodiøs – overraskande melodiøs. Ottesen er rett og slett ein god låtsnikkar. Det er noko majestetisk over fleire av komposisjonane, men det tippar aldri over i det pompøse.
Solistisk er det Bardal og Nypan som dreg lasset. Særleg sistnemnde har fleire spenstige bidrag. Høgdepunktet er «The Crossing», der Nypans improviserer over eit musikalsk forløp med sterke kontrastar. Det han gjer, er ikkje banebrytande på noko vis. Det er berre så velforma og tøft. Bak han spelar Ottesen og Loe Bjørnstad eksemplarisk, og førstnemnde manar med ei utsøkt basslinje fram bilete av ein ung Dave Holland med Miles Davis. Kanskje ikkje all musikken er like slitesterk, men dette er ein debut verd å merka seg.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans kulturarbeidar og fast plate-
meldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Punk-jazz-avant-rock
THE TRONOSONIC EXPERIENCE
The Tronosonic Experience
Ole Jørgen Bardal, saksofonar; Øyvind Nypan, gitarar; Per Harald Ottesen, bass: Ivar Loe Bjørnstad, trommer. LOSEN RECORDS LOS 174-2
Sjølv om alle musikarane i The Tronosonic Experience er kjende frå ulike konstellasjonar i grenselandet jazz/rock, er kvartetten relativ fersk, og musikken er spelt inn så seint som ved juletider i fjor i Ocean Sound Recordings på Giske. Dei har spelt inn ein god halvtime musikk fordelt på sju komposisjonar, der bassist Per Harald Ottesen står for seks av dei. «Maelstrom» er komponert på fellesen første dag i studio.
I vaskesetelen kallar bandet musikken «punk-jazz-avant-rock». Det er langt meir rock enn jazz. Sjølv om musikken kan vera både tung og dyster, er han gjennomgåande melodiøs – overraskande melodiøs. Ottesen er rett og slett ein god låtsnikkar. Det er noko majestetisk over fleire av komposisjonane, men det tippar aldri over i det pompøse.
Solistisk er det Bardal og Nypan som dreg lasset. Særleg sistnemnde har fleire spenstige bidrag. Høgdepunktet er «The Crossing», der Nypans improviserer over eit musikalsk forløp med sterke kontrastar. Det han gjer, er ikkje banebrytande på noko vis. Det er berre så velforma og tøft. Bak han spelar Ottesen og Loe Bjørnstad eksemplarisk, og førstnemnde manar med ei utsøkt basslinje fram bilete av ein ung Dave Holland med Miles Davis. Kanskje ikkje all musikken er like slitesterk, men dette er ein debut verd å merka seg.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans kulturarbeidar og fast plate-
meldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.