Trygg tradisjonsforvalting
Tufskrøkjun har oppnådd gode plasseringar på kappleikar og har vist at dei er svært så rutinerte.
Felespelarane Ann Kristin Odnes, Astrid Sulheim, Kari Grøsland og Synne Grothe utgjer Tufskrøkjun.
Foto: Ta:lik
FOLKEMUSIKK
Tufskrøkjun:
Nordavind
Ta:lik
Ei «tufskrøkje» er ei som ikkje får til noko særleg. Bak dette sjølvironiske namnet står felespelarane Kari Grøsland, Ann Kristin Odnes, Synne Grothe og Astrid Sulheim. Alle er fødde på midten av 70-talet og har vore aktive i folkemusikkmiljøet i Gudbrandsdalen sidan dei var ungdomar. Dessutan har dei oppnådd gode plasseringar på kappleikar, og dei har dermed vist at dei slett ikkje er «tufskrøkjer», men svært så rutinerte.
På den første plata si held dei fram i det trygge sporet som er etablert gjennom institusjonar som spelemannslag og kappleikar: Nordavind er dominert av springleikar, framførte unisont, eller kledde i enkle, fleirstemte arrangement, og dessutan serverer dei nokre valsar og reinlendarar i samspel med gitarist Geir Byre og kontrabassist Bjarne Odde.
Som heilskap er produksjonen prega av det trygge og velkjende. Spelet er stødig, samspelsformene er veletablerte, og det er ingenting som skil seg frå framføringsmåtar som er solid etablerte innan folkemusikkmiljøa.
I ei tid der mange folkemusikarar dyrkar det sjangeroverskridande, kan det vera fint å høyra på noko som kviler i det trygge og attkjennelege. Dette er òg eit fint døme på at det ikkje alltid hastar med å platedebutera. Teknikar Fridtjof Lindemann og produsent Carl Petter Opsahl har dessutan sytt for at lydbiletet er førsteklasses.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
FOLKEMUSIKK
Tufskrøkjun:
Nordavind
Ta:lik
Ei «tufskrøkje» er ei som ikkje får til noko særleg. Bak dette sjølvironiske namnet står felespelarane Kari Grøsland, Ann Kristin Odnes, Synne Grothe og Astrid Sulheim. Alle er fødde på midten av 70-talet og har vore aktive i folkemusikkmiljøet i Gudbrandsdalen sidan dei var ungdomar. Dessutan har dei oppnådd gode plasseringar på kappleikar, og dei har dermed vist at dei slett ikkje er «tufskrøkjer», men svært så rutinerte.
På den første plata si held dei fram i det trygge sporet som er etablert gjennom institusjonar som spelemannslag og kappleikar: Nordavind er dominert av springleikar, framførte unisont, eller kledde i enkle, fleirstemte arrangement, og dessutan serverer dei nokre valsar og reinlendarar i samspel med gitarist Geir Byre og kontrabassist Bjarne Odde.
Som heilskap er produksjonen prega av det trygge og velkjende. Spelet er stødig, samspelsformene er veletablerte, og det er ingenting som skil seg frå framføringsmåtar som er solid etablerte innan folkemusikkmiljøa.
I ei tid der mange folkemusikarar dyrkar det sjangeroverskridande, kan det vera fint å høyra på noko som kviler i det trygge og attkjennelege. Dette er òg eit fint døme på at det ikkje alltid hastar med å platedebutera. Teknikar Fridtjof Lindemann og produsent Carl Petter Opsahl har dessutan sytt for at lydbiletet er førsteklasses.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.