Musikk

Truverdige tolkingar

Mezzosopranen Marianne Beate Kielland er suveren i Sibelius’ orkestersongar.

Mezzosopranen Marianne Beate Kielland.
Mezzosopranen Marianne Beate Kielland.
Publisert Sist oppdatert

Jean Sibelius er Finlands nasjonalkomponist. Eg spurde for nokre år sidan ein kompetent finne om han er like viktig for dei som Grieg for oss. «Viktigare», svarte han, for sjølv om Grieg òg kjempa for nasjonalt sjølvstende, høyrde han 1800-talet til og døydde to år etter unionsoppløysinga. Den drygt 20 år yngre Sibelius kjempa òg for sjølvstende på 1800-talet, men han levde så skammeleg lenge, heilt til slutten av 1950-åra. Det at han verka over fleire generasjonar, og at der framleis finst folk som møtte han personleg, gjer at finnane har ei heilt anna kjensle av å «kjenna» han, fekk eg vita.

Effektiv orkestrering

Sibelius kom til verda i 1865 i det som den gong var Storfyrstedømmet Finland, ein del av det russiske keisardømmet. Han voks opp i ein svenskspråkleg familie, noko som syner seg i repertoaret på Marianne Beate Kiellands album med 18 orkestersongar. Her er nemleg berre to av songane på finsk, og resten på svensk, med poesi av mellom andre Johan Ludvig Runeberg (1804–1877), Finlands nasjonalskald.

Sibelius skreiv over 100 songar, dei aller fleste med klaverakkompagnement, men somme arbeidde han seinare om for orkester. Seks slike «originalorkestreringar» er med på plata, resten er gjorde av andre. Generelt kan ein seia at teksturen i orkesterparten er økonomisk og effektiv og langt slankare instrumentert enn til dømes hjå Gustav Mahler. Kringkastingsorkesteret under tsjekkaren Petr Popelka er eit godt medium. Saman målar dei inntrykksmetta klangbilete av lyse draumar i polare sommarnetter, og samsamspelet og intonasjonen – spesielt i soloinstrumenta – sit jamt over som dei skal.

Suveren mezzo

Men det er mezzosopranen som gjer plata verkeleg god. Kielland har uvanleg jamn og konsentrert klangkvalitet gjennom heile registeret. Vibratobruken hennar er sparsam, noko som i kombinasjon med den tydelege diksjonen gjer orda skjønelege. Tolkingane verkar truverdige, for ho er ein intelligent songar som har sett seg inn i både språka og poesien. Somme av dikta i omslagsheftet har ho sjølv omsett.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement