JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Trønderbarokk

Korleis klang musikken i Trondheims sosietetsliv på 1700-talet?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1700-talets Trondheim, med domen til venstre og katedralskulen til høgre. Prospekt av Joh. F.L. Dreier frå 1800 (utsnitt).

Foto: Vitenskapsmuseet NTNU

3097
20230915
3097
20230915

CD

J. Meck, J.H. Berlin, A. Vivaldi:

The Trondheim Concertos

Sigurd Imsen, fiolin; Christina Kobb, hammarklaver; Trondheim Symfoniorkester og Operas Barokkensemble. 2L 2023.

Gunnerusbiblioteket i Trondheim blei stifta i 1768 som del av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab. Dette eldste vitskaplege biblioteket i Noreg har ei omfattande manuskriptsamling med musikaliar, altså notar, som vitnar om det rike og internasjonalt orienterte musikklivet der på 1700-talet. (Til dømes var det via Trondheim musikken til J.S. Bach kom til Noreg på tampen av hundreåret.)

Barokkensemblet til Trondheim Symfoniorkester og Opera, der barokkfiolinisten Sigurd Imsen er solist, gjev oss på albumet The Trondheim Concertos døme på repertoar som blei spelt for – og sikkert også av – byborgarskapen. Overklassen levde i luksus; han hadde tent seg søkkrik på tømmer- og fiskeeksport, og ikkje minst på malmen frå dei trønderske kopar- og jerngruvene. Vitnesbyrd om velstanden er dei mange store trepaléa som framleis pregar bybiletet, eksempelvis Stiftsgården og Hornemansgården.

Sprøtt og spenstig

Ein bauta i musikklivet var Johan Daniel Berlin (1714–1789) frå Memel i Preussen (i dagens Litauen), som etter læretid i København blei stadsmusikant i Trondheim i 1737. Delar av den store musikaliesamlinga hans er i dag oppbevart i Gunnerusbiblioteket.

Albumets fyrste verk er fiolinkonserten i G-dur av Joseph Meck (1690–1758), som var ein av dei fyrste tyskarane som komponerte solokonsertar i stilen til Antonio Vivaldi (1678–1741). Meck var så god til dette at ein seinare forveksla hans musikk med Vivaldis. Imsen spelar solostemma i den rolege fyrstesatsen med slank og vibratolaus tone, til eit fyldig orkesterakkompagnement der den klangsterke bass-seksjonen sørgjer for stødig driv. Dei to snøgge satsane har begge herleg «sprø» og spenstig orkesterklang, der cembaloen nærast fungerer som perkusjonsinstrument.

Ko-ko-konsert

Komponisten av c-mollkonserten som fylgjer, er ukjend, men notane er i alle høve førte i pennen av Johan Daniel Berlin. Også her presterer Imsen bra, medan orkesterstrykarane i dei to fyrste satsane spelar somme av mellomspela sjenerande surt. Er det tonearten c-moll dei slit med? Elles på plata kling jo intonasjonen fint.

Det mest galante (les: moderne) stykket på plata er ikkje ein konsert, men ein sonate av Johan Henrich Berlin (1741–1807), son til Johan Daniel. Stilen minner om tidleg Haydn, med trommande bass og dei for slutten av 1700-talet så typiske kromatiske ornamenta. Christina Kobb spelar hammarklaveret (forløparen til det moderne flygelet) med perlande løp og skimrande, litt metallisk klang som blandar seg godt med Imsens fiolin og celloen til Torleif Holm.

Imsen avsluttar albumet som gauk. Me får ei solid framføring av Vivaldis A-durkonsert med tilnamnet Il Cucù, der dei høge, kvitrande fiolinpartia i fyrstesatsen blir gjennomførte med klokkerein intonasjon.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis