Trombone på nye måtar
Henrik Munkeby Nørstebø byr på eit stramt komponert verk.
Samtidsmusikk
Henrik Munkeby Nørstebø:
Dystopian Dancing. For amplified trombone and object orchestra
Made now music
Henrik Munkeby Nørstebø er ein trombonist som arbeider med improvisasjonsbasert samtidsmusikk, ofte i samarbeid med dansarar eller biletkunstnarar, men òg som ensemblemusikar i gruppene Skadedyr og Aksiom.
Dystoping Dancing er den tredje soloplata hans, som ber undertittelen For amplified trombone and object orchestra. Det er tale om konsentrert arbeid med utforsking av trombonens klanglege potensial, ofte på ein slik måte at instrumentet framstår som uattkjenneleg. I tillegg til elektronikk vert det nytta ulike tilleggsobjekt som manipulerer lyden – noko som er i slekt med det meir kjende fenomenet «preparert piano», der ein puttar ymse ting mellom strengane på pianoet for å endra klangen.
Medan mykje av dagens musikk berre er digitalt tilgjengeleg, er dette ein slags hybrid: Musikken er tilgjengeleg frå ymse strøymetenester, eller – med høgare lydkvalitet – via nedlastingskode. Men det ein elles kjenner som plateomslag eller cover, er ein fysisk publikasjon i form av eit lekkert hefte som inneheld små fotokunstverk utførte av komponisten under innspelingsperioden.
Og som så mange alternative produksjonar er ikkje dette spelt inn i noko vanleg studio, men dels i eit nedlagt skulehus og dels i Emanuel Vigeland mausoleum, som har vidgjeten etterklang.
Denne utgjevinga utgjer ein stramt komponert verk der lyden og den medfylgjande trykksaka (eller omvendt) utgjer ein fascinerande heilskap.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Samtidsmusikk
Henrik Munkeby Nørstebø:
Dystopian Dancing. For amplified trombone and object orchestra
Made now music
Henrik Munkeby Nørstebø er ein trombonist som arbeider med improvisasjonsbasert samtidsmusikk, ofte i samarbeid med dansarar eller biletkunstnarar, men òg som ensemblemusikar i gruppene Skadedyr og Aksiom.
Dystoping Dancing er den tredje soloplata hans, som ber undertittelen For amplified trombone and object orchestra. Det er tale om konsentrert arbeid med utforsking av trombonens klanglege potensial, ofte på ein slik måte at instrumentet framstår som uattkjenneleg. I tillegg til elektronikk vert det nytta ulike tilleggsobjekt som manipulerer lyden – noko som er i slekt med det meir kjende fenomenet «preparert piano», der ein puttar ymse ting mellom strengane på pianoet for å endra klangen.
Medan mykje av dagens musikk berre er digitalt tilgjengeleg, er dette ein slags hybrid: Musikken er tilgjengeleg frå ymse strøymetenester, eller – med høgare lydkvalitet – via nedlastingskode. Men det ein elles kjenner som plateomslag eller cover, er ein fysisk publikasjon i form av eit lekkert hefte som inneheld små fotokunstverk utførte av komponisten under innspelingsperioden.
Og som så mange alternative produksjonar er ikkje dette spelt inn i noko vanleg studio, men dels i eit nedlagt skulehus og dels i Emanuel Vigeland mausoleum, som har vidgjeten etterklang.
Denne utgjevinga utgjer ein stramt komponert verk der lyden og den medfylgjande trykksaka (eller omvendt) utgjer ein fascinerande heilskap.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.