Musikk
Trio med klart preg
Jakob Young er attende med eit stjernelag.
Jakob Young har med seg Audun Kleive og Mats Eilertsen på det nye albumet.
Pressefoto
Dette er den fjerde ECM-plata til Jacob Young og den første der gitaren er einaste akkordinstrument. Det har teke si tid. Young måtte bli eldre og samla mot for å spela i ein så avslørande konstellasjon, ifølgje han sjølv. Å ta seg tid har tydeleg noko for seg.
Det Young tok med seg til denne innspelinga i Gjøvik-studioet Klokkereint for to år sidan, var ni låtar som avslører at komponistgjevnaden står seg. Komposisjonane er varierte, men det er noko bittersøtt melankolsk over låtmaterialet. Harmonikken gjev musikken eit slags disig preg som set melodilinjene i relieff.
Eventually inneheld for det meste balladar og låtar i medium tempo, men Young har sans for ein god groove, som i den småputrande «Schönstedtstrasse», og kven er er vel då betre å ha med på laget enn Kleive. Ein vert stadig bergteken over evna hans til å kombinera groove og fargelegging på dynamisk vis.
Dette er Young si plate, så avgjort. Han har skrive alle låtane og er definitivt hovudsolist. Eilertsen får sagt sitt, på lyrisk vis som alltid, som i det velformulerte koret på «Inside», og kompet spenner frå det statisk insisterande til eterisk dansande, men det ligg eit youngsk regigrep over den samla musiseringa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.