Tradisjon møter samtid
Maurseth integrerer «musique concrète» på eksemplarisk vis.
Benedicte Maurseth er folkemusikar, komponist og forfattar.
Foto: Øystein Haara
Folkemusikk/samtidsmusikk
Benedicte Maurseth:
Hárr
Benedicte Maurseth, hardingfele; Mats Eilertsen, kontrabass og elektronikk; Håkon Mørch Stene, vibrafon, perkusjon og elektronikk; Jørgen Træen, elektronikk; Rolf-Erik Nystrøm, saksofon; Stein Urheim langeleik, munnspel, elektronikk, sampling og perkusjon. Hubro Records
Hárr er det norrøne namnet på fjellet Hårteigen, som med si karakteristiske hatteform kneisar 1690 moh. vest på Hardangervidda. Hárr er også namnet på tingingsverket Maurseth framførte på Hardanger Musikkfest i 2019 saman med Eilertsen og Stene, og no tittel på plata der musikken frå tingingsverket utgjer hovudtyngda.
Maurseth har òg funne plass til to låtar av medmusikant og produsent Urheim, «Kollasj I» og «Kollasj II». Sistnemnde inkluderer eit fascinerande utdrag av eit intervju med oldefar til Benedicte, Leif Maurseth.
Maurseth er ein del av ein moderne norsk musikktradisjon der musikarar og komponistar som Nils Økland, Erlend Apneseth, Terje Isungset og Karl Seglem også høyrer med. Hjå Maurseth, som har vore elev av Knut Hamre, er linjene attende til det tradisjonelle slåttespelet tydelege.
Sampling av dyrelydar og stein som slår mot stein, brukt i umodifisert form, gjev saman med studioklangen eit sterkt nærvær og sterke assosiasjonar. Olav H. Hauge avsluttar «Din veg» med «Og vinden stryk ut ditt far i aude fjell». Musikken til Maurseth hjelper deg å finna att desse fara.
Overtoneregisteret i dei akustiske instrumenta smeltar saman med elektronikken og samplingane i ein orkestral heilskap, for så å bli teke ned til dei varaste bjølleklemt. Musikken er heile vegen lågmælt og kontemplativ, men likevel med ein sterk dynamikk. Bandet demonstrerer ei kollektiv fingerspisskjensle som imponerer. Ein musikalsk tur på Hardangervidda med Benedicte Maurseth kan tilrådast på det varmaste.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.