Tilbakeskodande og friskt
Needlepoint har laga den mest heilstøypte plata si.
Bjørn Klakegg har med seg mellom andre Erlend Slettvoll, Nikolai Hængsle og Ola Øverby.
Foto: Roar Nilsen
Progrock
Needlepoint:
Remnants of Light
Bjørn Klakegg, vokal, gitarar, hurdy-gurdy, fløyte og fele; Erlend Slettevoll, ymse tangentinstrument og vokal; Nikolai Hængsle, bass og vokal; Ola Øverby, trommer; Solveig Wang, vokal og klarinett (5,7); Ingrid Støylen Runde, vokal (5); Camilla Brun, vokal (5,6)
bjk music
Remnants of Light er den sjette plata til Needlepoint og den mest heilstøypte. Det vil seia, her er låtskrivaren og tekstforfattaren Bjørn Klakegg på sitt beste og mest inviterande, bandet spelar utsøkt med arrangement og eit lydbilete som snytt ut av den britiske progrockscenen på 1970-talet, tilsett ein liten skvett Beatles og Mahavishnu Orchestra.
Klakeggs prosjekt
Den truskuldige røysta til Klakegg er ein sentral del av uttrykket. Alt saman produsert på beste vis av Hængsle.
Dette er Klakeggs prosjekt, men Hængsle byrjar etter kvart å få ein betydeleg medeigarskap. Han er til og med hovudvokalist på «Where You Two Once Held Hands».
Dei ni songane ber alle tydeleg bumerket til Klakegg. Han har ein særeigen sans for melodi som kombinerer uskulda med tristessen.
Sentrallyrisk
Tekstane har i all hovudsak ein sentrallyrisk tematikk, men naturen er ofte motiv eller bakgrunn, og det gjev oss ei kjensle av at det heile går føre seg i eit fantasy-univers. Dette blir understreka av illustrasjonane til broren Rune. Han har prega omslag frå og med den tredje plata, Aimless Mary. I hendene på ein dyktig instruktør og liberettist kan Klakeggs musikalske verd bli ein eineståande musikal.
Fleire låtar har såkalla hitpotensial. Heile plata er lett tilgjengeleg. Dei improviserte delane er sterkt avgrensa, men ved dei høva Slettevoll slepp til, løftar musikken seg fleire hakk.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.